Selbu kyrkje er ei langkyrkje i Selbu kommune i Trøndelag fylke. Ho har 550 sitjeplassar.

mini|venstre|Altartavla

Den eldste delen av kyrkja er frå 1100-talet og har romansk stil. Tårnet frå 1200-talet var opphavleg frittståande. Det har spissboge som etterliknar gotisk stil, men som ikkje har gotisk berefunksjon. På 1800-talet vart kyrkja omfattande utbygd i to omgangar. Det som truleg var den originale inngangsportalen frå 1100-talet, er framleis synlig frå kapellet i tårnfoten. Ei original vindaugsopning er bevart over dagens våpenhus. Restaurert altertavle og preikestol er i 1700-tals bondebarokk. Interiøret elles er ei attendeskodande nyskaping frå restaureringsperioden 1935–1963, leidd av arkitekt John Tverdahl. Selbu kyrkje er kjend for å ha usedvanleg gode forhold for akustisk musikk. Trondheimsolistene er mellom dei som har gjort mange opptak her. Ein parkliknande kyrkjegard omgjev bygningen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Selbu kyrkje» frå , den 29. september 2017.

Bakgrunnsstoff

Selbu kyrkjelyd

Kategori:Kyrkjer i Stjørdal prosti Kategori:Kyrkjer i Selbu Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Kulturminne i Selbu