Nicholas Murray Butler () var ein amerikansk politikar og akademikar. Han var rektor ved Columbia University i 43 år til han trekte seg tilbake 83 år gammal. I hans tid vart Columbia eit verdsleiande universitet. Butler var visepresidentkandidat ved presidentvalet i USA i 1912 (saman med William Howard Taft).

Han prøvde å verta nominert til republikanarane sin presidentkandidat i 1920 og 1928, utan suksess. Butler var professor (dosent) i filosofi ved Columbia frå 1889.

Han vart tildelt Nobels fredspris saman med Jane Addams i 1931. Butler fekk prisen for «Hoover-moratoriet» - betalingsutsetting for Tyskland si krigsgjeld. Han arbeida for nedrusting, ein verdsdomstol og støtta Folkeforbundet. Butler vitja Berlin våren 1933 etter Hitler hadde teke over makta og vart sjokkert over det han opplevde. Tilbake i New York heldt han ein pressekonferanse på kaien, og uttrykte bekymring for tilhøva i Tyskland. Han trekte tilbake Carnegies finansiering av professorat i Berlin og tilbaud i staden Hajo Holborn eit treårig stipend på det universitetet han måtte ynskja.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Nicholas Murray Butler» frå , den 2. oktober 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Vinnarar av Nobels fredspris Kategori:USA-amerikanske politikarar