Élie Ducommun () var ein sveitsisk journalist og fredsaktivist, som i 1902 vann Nobels fredspris saman med Charles Albert Gobat.

Fredsprisen vann han for sitt arbeid som uløna generalsekretær for det internasjonale fredsbyrået i Bern frå det vart oppretta i Bern i 1890 til han døydde. Det internasjonale fredsbyrået var bindeledd mellom fredsorganisasjonar i forskjellige land. På fritida førebudde han program til internasjonale fredskongressar, pubilserte resolusjonar og korresponderte med fredsvener, i tillegg til å gje ut ei rekke skrifter.

Kjelder

Kategori:Vinnarar av Nobels fredspris Kategori:Sveitsiske nobelprisvinnarar