Emily Stang Sando () er ein norsk handballspelar frå Holmestrand. Målvakta vart europameister med Noreg i 2014.
Sando var knytt til Larvik HK frå 2006 til -10. Deretter vakta ho i tre år målburet til Flint frå Tønsberg, før ho fekk kontrakt med danske Esbjerg, eit lag ho spelte på i fire år. Sommaren 2017 skifta ho over til HB Odense.
I tida 2010-20 deltok Sando i 30 landskampar. Då Noreg i desse åra hadde fleire av verdas beste målvakter i kvinne-handball, fekk ho berre få innhopp i landslaget. I si einaste meisterskapsturnering, Handball-EM 2014, imponerte ho stort i landskampen mot Ukraina, ein kamp Noreg vann 34-23. Meisterskapen enda med EM-gull til Noreg og Sando. Ho deltok i dei to fyrste kampane til Noreg under EM 2020 i Danmark, vart deretter bytta ut med Katrine Lunde.
Merittar EM 2014: Gullmedalje etter 28-25 mot Spania EM 2020: Gullmedalje etter 22-20 mot Frankrike
Kjelder handball.no
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Holmestrand Kategori:Europameistrar i handball