Roald Ola Helgheim () var ein norsk journalist, mest kjend som musikkmeldar og politisk kommentator.

Helgheim var fødd i Jølster. Han var utdanna cand.mag. i fysikk og matematikk. Han engasjerte seg i den norske ml-rørsla, og byrja å arbeida i Klassekampen i 1970, då avisa berre kom ut ein gong i månaden. Han var sentral i etableringa av Klassekampen som vekeavis i 1973 og dagsavis i 1977. Han slutta i avisa i samband med konflikten i Klassekampen i 1997, då Jon Michelet vart tilsett som ny redaktør. Året etter forfatta han coverteksten til Christian Wallumrøds No birch.

Helgheim var også journalist for musikkavisa Puls, for Dagsavisen og for vekeavisa Dag og Tid.

I eit intervju etter å ha vunne Ella-prisen rangerte jazzjournalisten dei to konsertane med John Coltrane i Njårdhallen (November 1963) og Miles Davis på Moldejazz (1984) høgast, følgd av M.A. Numminen ved Moldejazz (Ludvig, 1992) og Chick Corea på Moldejazz i 2000.

Prisar Molderosen (1988) Vinjeprisen 1990 Oslo Jazzhus' ærespris (1992) Oslo Jazzfestivals pris, Ella-prisen (2003)Helgheim vinner jazzpris , Norsk Musikkinformasjon (13.8.2003)

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Roald Helgheim» frå , den 15. oktober 2017.

Kategori:Journalistar i Klassekampen Kategori:Folk frå Jølster