Paul Tjøstolsen Sunde () var ein norsk arbeidar frå Arendal som representerte Arbeidarpartiet og kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder på Stortinget i tida 1945-53.

Sunde var son til ein småbrukar i Nissedal. 15 år gammal tok han arbeid ved Åmli-Treungenbanen og var så to år sysselsett med anleggsarbeid på Rjukan. I 1913 reiste han til sjøs ei tid. Fram til 1922 arbeidde han jamt på ymse anlegg. Sidan var han i 36 år kommunearbeidar i Arendal, heilt til han døydde i 1958.

Sunde sat i bystyret i Arendal 1931–40 og 1956–58; dei to siste periodane også i formannskapet. Under verdskrigen sat han fengsla 1944-45 i Grini fangeleir. Hausten 1945 vart Sunde vald til stortingsrepresentant frå dei sju kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder, attvald i 1949. Alle stortingssesjonane var han medlem i Militærkomiteen. Då ordninga med eigne valkrinsar for byane vart avvikla før stortingsvalet 1953, nådde han ikkje opp til «sikker» plass under nominasjonen i Aust-Agder fylke.

Kjelder

Fanger.no

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Lokalpolitikarar i Arendal Kategori:Ap-politikarar i Aust-Agder Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Folk frå Nissedal Kategori:Folk frå Arendal