Hærens befalsskole (HBS) er ei utdanningsavdeling som utdannar underoffiserar, underlagt Krigsskolen. Skulen tilbyr fleire ulike faglinjer fordelt på ulike kompani: operativ linje ved kompani A, gjennomgåande linje ved kompani B og dei resterande utdanningane ved kompani C. Alle utdanningane, utanom gjennomgåande linje, er toårig der ein først gjennomfører ei grunnleggjande befalsutdanning på eitt år, før ein fullfører pliktåret som sersjant ved ei passande avdeling. Skulen blei underlagt Krigsskolen 1. august 2013.
Soldatane ved avdelinga bruker Hærens fjellgrå standardberet.
Historie Hærens befalsskole er ei samanslåing av nedlagde befalsskular. Tidlegare hadde Hæren befalsskular for ulike våpenartar. Etter den andre verdskrigen, hausten 1946, vart befalsskulen for infanteriet reetablert ved Vatneleiren i Sandnes. Det året vart om lag 140 elevar teke opp. Organisering
Hærens befalsskole er organisert som ein infanteribataljon med eigen stab, og er delt inn i tre kompani forlagt ved ulike leirar: Bataljonsstab Rena leir husar bataljonsstaben som leiar og administerer skulen. Oberstløytnant Atle Molde er sjef for Hærens befalsskole. Kompani Alfa Kp. A er eit infanterikompani som har ansvaret for operativ linje ved HBS. Kompaniet utdannar operativt befal til bataljonane i Hæren. Befalselevane gjennomgår 8 måneders infanteriutdanning i Rena leir, før ein fagperiode tek til. Under fagperioden kan befalsskoleelevane fordjupa seg innan kavaleri, artilleri, sanitet, ingeniør, samband eller tren. Nokre av linjene er på Sessvollmoen leir og Jørstadmoen leir. Kompaniet består av om lag 140 soldatar. Kompani Bravo venstre|40px Krigsskolens gjennomgåande linje held til på Rena. Kompaniet består av to tropper: ein tropp med befalskuleelevar og ein med kadettar. Befalskuleelevar ved Kp. B er soldatar som har vore verva i ei avdeling over to år; desse kan gjennomføra denne linja for å bli sersjant. Kadettane i kompaniet gjennomfører grunnleggjande befalsutdanning på Rena, før dei vert overført til Krigsskolen på Linderud for å starta på den treårige offisersutdanninga.
Kompani Charlie venstre|40px Ved Sessvollmoen leir ligg det største kompaniet med om lag 200 befalskoleelevar. Kp. C utdannar befal til alle avdelingane til Hæren, også Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO). Dei driv utdanning innan mekanikk, forvaltning, teknisk materiellforsyning og ammunisjonsforvaltning. Utdanninga vekslar mellom både infanteriteneste og fagspesifikk utdanning med to vekers periode. Kompaniet har desse linjene: Teknisk; Administrasjon, ledelse og forvaltning; Operativ ammunisjonsforsyning og sprengning
Kjelder
Kategori:Den norske hæren