Chantilly er ein kommune nord i Frankrike, i departementet Oise i regionen Hauts-de-France. Ved folketeljinga i 2014 hadde han 10 861 innbyggjarar; det større byområdet har rundt 37 000.

Chantilly ligg i elvedalen til Nonette, midt i Chantilly-skogen. Historisk har Chantilly vore knytt til huset Montmorency og prinsane av Condé, som var syskenbarn av dei franske kongane.

Staden er kjend for Slottet i Chantilly, som i dag husar kunstsamlinga Musée Condé. Ved slottet finst også ein imponerande stallbygning (Grandes Écuries) frå 1700-talet som i dag huser hestemuseet Musée Vivant du Cheval. Hesteal og hesteløp har lenge vore viktige i området, og Chantilly-banen (Hippodrome de Chantilly) held mellom anna det årlege løpet Prix du Jockey Club.

Byen er også kjend for sine blonder (Chantilly-blonder) og er opphav til det franske ordet for krem, crème chantilly eller berre chantilly.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chantilly» frå , og «Chantilly, Oise» frå den 29. oktober 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar i Oise Kategori:Opphav til eponym