Asbjørn Edvin Sunde (), òg kjend under dekknamna «Osvald Pettersen» og «Knut Pettersen», var ein norsk motstandsmann og partisan under andre verdskrigen, då han leidde Osvald-gruppa som bar kallenamnet hans «Osvald».

Osvald-gruppa var den første og mest aktive væpna, sivile motstandsgruppa i Noreg. Sunde nemner sjølv 39 konkrete sabotasjeaksjonar som gruppa utførte i si sjølvbiografiske bok Menn i mørket.Side 245 - 248. Asbjørn Sunde: Menn i mørket. Dreyer Forlag. Oslo (1947)

Sunde var frå 1932 aktiv i Noregs Kommunistiske Parti (NKP), men i løpet av krigen kom det til brot mellom Sunde og Peder Furubotn, som var generalsekretæren til partiet og motstandsleiar. I 1954 blei han dømt av Eidsivating lagmannsrett til åtte års fengsel utan vilkår for landssvik og spionasje til fordel for Sovjetunionen. Sunde blei lauslaten på prøve etter å ha sona to tredelar av straffa i 1959, og levde eit anonymt liv i Oslo til han døydde.

Bakgrunn Asbjørn Sunde var fødd på Rørvik i Vikna som son Anton Sunde frå Nord-Fosen (1876–1943) og Emma Sørensen frå Balsfjord (1881–1920). Han voks opp i Kopervik på Karmøy som fjerdemann i ein søskenflokk på sju. Mora døydde av tuberkulose då han var 11 år gammal, og faren sat att med ansvaret for barna. Faren varfiskar og skomakar. Han var leiar av lokallaget til Arbeidarpartiets i Kopervik i fleire år, sat i kommunestyret. Han tilhøyrde venstrefløya til arbeidarrørsla i mellomkrigstida, som syndikalist. Etter kvart gjekk familien i oppløysing, og fleire av dei yngre brørne til Asbjørn hamna på barneheim.

Asbjørn Sunde gjekk ut av folkeskulen med svært gode karakterar, men i staden for å ta vidare utdanning tok han hyre som sjømann 15 år gammal. Året etter reiste han til Horten for å gå inn i det sjømilitære korps. Sunde tok styrmannseksamen i Horten i mai 1929, men hadde vanskar med å tilpassa seg den militære disiplinen, og var ferdig i det sjømillitære korps i januar 1930. Deretter tok han hyre som matros på fleire båtar, men manglande vilje til å underordna seg og framståande kommunistsympatiar førte til at han blei «svartelista» etter eit par år i sjømannsyrket. Dermed blei det umogleg for han å få hyre og han blei arbeidslaus.

I oktober 1931 gifta Asbjørn Sunde seg med den tre år yngre Astrid Kristine Nilsen (1912–1983). Dei hadde ingen barn saman, men adopterte sonen til ei yngre syster av Astrid.

Politisk engasjement og aktivisme Saman med den avsette avisredaktøren Per Viktor Mostad arbeidde Sunde midt i 1930-åra for å få dei arbeidslause inn i kommunepolitikken i Horten. Dei to stod også i spissen for ei ny avis i byen: Angrep, og var tillitsmenn i Horten AIL (arbeidaridrettslag).

Under Den spanske borgarkrigen deltok Sunde, som mange andre nordmenn, som frivillig. Under denne krigen lærte han å laga og utplassera sprengladningar og bomber. Han blei nytta til spesialoppdrag bak fiendelinjene, og då andre nordmenn drog heim blei Sunde verande att i Spania. Her køyrde han også ambulanse, og hadde andre stabs- og hjelpefunksjonar i dei republikanske styrkane. Frå Spania skreiv han heim til NKU-avisa KlassekampenKlassekampen 24. november 1937. og NKP-avisa Arbeideren. I partiavisa kom det på trykk under overskrifta «Rapport fra vår frontkorrespondent». To av brørne hans var også i Spania under borgarkrigen.Side 17. Asbjørn Sunde: Menn i mørket. Dreyer Forlag. Oslo (1947) I Noreg blei broren hans Rolf Edgar Sunde sikta for verving av Spania-fararar.Side 213. Tore Pryser: Klassen og nasjonen. Tiden Norsk Forlag. Oslo (1988) ISBN 82-10-02754-9 Politiet ransaka også heimen til faren i Koppervik..Side 56-57. Lars Borgersrud: Nødvendig innsats, Universitetsforlaget, Oslo (1997) ISBN 82-00-22529-1

Sommaren 1938 kom Asbjørn Sunde heim frå Spania. Han flytta til Oslo med familien, der han hadde fått jobb som anleggsarbeidar ved bygging av rådhuset. Kort tid etter at han kom til Oslo blei Sunde beden om å ta over leiinga av den norske avdelinga av Wollweber-gruppa etter Martin Hjelmen som overtok ansvaret for gruppene i Nord-Sverige.Side 50. Morten Conradi & Alf Skjeseth: OSVALD Storsabotøren Asbjørn Sunde, Spartacus Forlag, Oslo (2015) ISBN 978-82-430-10803-8

Andre verdskrigen og Osvald-gruppa Sunde nytta seg av ferdigheitene han hadde utvikla i Spania då han blei sabotør og spesialagent i kampen mot okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Frå 1941 var han ein av dei norske leiarane for den kommunistiske Wollweber-gruppa, som var blitt grunnlagt av den tyske kommunisten Ernst Wollweber i samarbeid med Sovjetunionen. Etter at Hjelmen blei arrestert blei Sunde operativ leiar for Wollweber-organisasjonen i Noreg. Dette blei den såkalla Osvald-gruppa, eit namn som blei brukt av den tyske okkupasjonsmakta på den kommunistiske motstandsgruppa i Noreg. Organisasjonen dominerte sabotasjeverksemda i Noreg frå 1941 til 1944, og med 39 konkrete sabotasjehandlingar var gruppa ansvarleg for brorparten av sabotasjen mot okkupasjonsmakta. Erik Gjems-Onstad meiner at Sunde og gruppa hans stod bak rundt 200 sabotasjeaksjonar. (død lenke)

London-regjeringa gav økonomisk støtte til den kommunistiske Osvald-gruppa via «vestkant-organisasjonen» 2A, men folka til Sunde utførte også sju bankran for å finansiera sabotasjeoppdrag. Dette gjorde dei upopulære, både blant lokale kommunistgrupper og andre delar av motstandsrørsla.Side 226. Terje Halvorsen i etterordet til Asbjørn Sunde: Menn i mørket. Falken Forlag. Oslo (1987)ISBN 82-7009-232-0

Mot slutten av krigen blei Sunde meir isolert politisk. Peder Furubotn blei vald til generalsekretær i NKP i 1941, og leia den nye partilinja med væpna motstand mot okkupantane. Medan Asbjørn Sunde ville driva mest mogleg sabotasjeverksemd for å hindra okkupasjonsmakta frå å utnytta norske ressursar, meinte Furubotn at NKP burde byggja opp ein partisanorganisasjon (gerilja), noko som førte til brot mellom Furubotn og Sunde. Sunde omtalte sjølv det vanskeliee forholdet til Furubotn under krigen.Sunde, Asbjørn: Menn i mørket, 1947, Spartacus Forlag 2009. I 1944 la han ned Osvald-gruppen etter skriftleg ordre frå Sovjetunionen.

Etter krigen Sunde og familien slo seg ned i Oslo att etter at heile familien hadde vore i dekning dei siste krigsmånadene. Gunnar Sønsteby sørga for at han fekk arbeid hjå ESSO på Sjursøya. I 1947 gav Sunde ut erindringsboka Menn i mørket, som kom i tre opplag. Sunde var seinare maritim konsulent for Dreyer forlag. Krigsromanen Stormen, som blei gjeven ut av Hans Braarvig (1953) under pseudonymet Tor Venge, ber tydeleg preg av Sunde.Side 206. Lars Borgersrud: Nødvendig innsats, Universitetsforlaget, Oslo (1997) ISBN 82-00-22529-1

Sunde blei dekorert av norske styresmakter (Deltagermedaljen) for krigsinnsatsen.Glemte sabotører , LO-Aktuelt nr. 11, 2009Odd Bergfald: KGB «Operasjon Norge». Hjemmenes forlag, Oslo, 1975, side 96 og 103. ISBN 82-7006-151-4

Han blei også tildelt den sovjetiske militære Medaljen for siger over Tyskland, som blei tildelt alle som deltok i organisert form for krigføring under andre verdskrigen, i både hær, marine, luftvåpen og NKVD. I 1954 blei denne beslaglagt av politiet som bevis i straffesaken mot han.Odd Bergfald: KGB «Operasjon Norge». Hjemmenes forlag, Oslo, 1975, side 96. ISBN 82-7006-151-4

Ganske raskt etter krigen blei Sunde og andre medlemmer av Osvaldgruppa utsett for hard kritikk både frå kommunistpartiet og frå borgarleg hald. Overlege Johan Scharffenberg anklaga dei for likvideringar, medan bankdirektørar og svenske ASEA Per Kure kravde erstatning for sprengingsaksjonar gjennomført av gruppa.Lars Borgersrud, forord til Menn i mørket, 2009, side 6. Medlemmer av Osvald-gruppa har seinare uttalt at dei følte seg forfølgde etter krigen.Får likevel ikke krigskorset - Klassekampen, 23. mars 2010.

Spionasjedom I 1954 blei Sunde dømt til åtte års fengsel for landssvik og spionasje til fordel for Sovjetunionen. I retten blei det hevda at politisk overtyding leia han til å spionera for Sovjetunionen.

Den medtiltalte bøssemakaren Erling Norby blei dømt til tre års fengsel.Odd Bergfald: KGB «Operasjon Norge». Hjemmenes forlag, Oslo, 1975, side 101. ISBN 82-7006-151-4

I januar 1958 sende Sunde ein søknad om benådning til Kongen, grunna sjukdom og sterke smerter. Søknaden var støtta av fengselslegen, fengselsdirektøren og dessutan fengselsstyret. Justisminister Jens Haugland, etter tilråding frå POT og Riksadvokaten, hindra at brevet nådde fram til Kongen. Etter å ha sona 2⁄3 av straffa blei Sunde lauslaten i juni 1959, femti år gammal.Sven-Erik Grieg-Smith, bokomtale: «De revolusjonæres krig» - melding av Menn i mørket.

Etter fengselsopphaldet levde Sunde som uføretrygda eit anonymt liv fram til han døydde i 1985, og sleit med dårleg fysisk og psykisk helse. Han var medlem av eit lokallag i NKP i nabolaget der han budde i Oslo aust, men som resultat av fraksjonskampar i partiet blei han ekskludert frå NKP på slutten av 1960-talet.

Jens Christian Hauge og Gunnar Sønsteby arbeidde etter krigen for at Sunde skulle få krigspensjon, utan hell. Eit forslag om at han skulle få krigspensjon blei avvist av regjeringa. Regelverket utelukka personar med «grovt uverdige forhold», noko ein landssvikdom under den kalde krigen blei rekna som.

Omtale av dommen Historikeren Lars Borgersrud, som tok doktorgrad om Sunde og Wollweberorganisasjonen (den seinare Osvaldgruppen), hevder dommen kom av ei «hysterisk stemning i Norge på denne tida. Personen Asbjørn Sunde passet inn som personifiseringen av det kommunistiske fiendebildet makthaverne ville skape. Han ville ikke blitt dømt hvis han hadde stilt for retten i dag, sa Borgersrud, som hevdet innholdet i saken mot Sunde i realiteten var fiktivt».Sabotørene som ble glemt (død lenke) - intervju med Lars Borgersrud i forbindelse med nytrykket av Sundes selvbiografi. Klassekampen 1. april 2009. Vidare uttalte Borgersrud om sjølve dommen at retten «mente å ha funnet det bevist at Sunde hadde overlevert hemmelige militære opplysninger til russerne. Det ble ikke bevist, men retten la likevel til grunn at det hadde skjedd».

Borgersrud blei imøtegått av Sunde-biografen og journalisten Egil Ulateig. Ulateig hevda i 2010 at dommen mot Sunde «i virkeligheten var [...] godt underbygd med solid spaningsarbeid».Ikke alle var helter – kronikk i Aftenposten 6. april 2010. I kronikken skriv Ulateig konsekvent tittelen på Sundes bok feil – Menn i mørke i stedet for Menn i mørket.

Ørnulf Tofte deltok som ung politimann i etterforskningav Sunde. Blant bevisa frå etterforskinga var eit pengebevis der ei større mengd pengar ifølgje domen blei funne innsydd i Sunde sin sofa.Aftenposten, september 2010. Men pengane var trykt i Norges Bank etter at Asbjørn Sunde var blitt arrestert av overvakingspolitiet.

I Mitrokhin-arkivet frå ein KGB-avhoppar kjem det fram at Sunde skaffa KGB norske pass, og dessutan «blanke og utfylte norske kirkebøker».Mitrokhin-arkivet: Ga norske kirkebøker og pass til KGB, Dagbladet, 8. august 2014.

Sunde blei dømt for å ha overlevert Heimevernet sine beredskapslister til russarane. Aase Eugenie Andresen arbeidde hos Generalinspektøren for Heimevernet. Ho overleverte 15 pakkar med papir til Sunde. Sunde erkjente å ha motteke og lese dokumenta, men hevda at dei sidan blei kastet. Mitrokhin-arkivet stadfester at papira blei overlevert.

Dokumenta frå etterforskinga er ikkje frigjevne av PST, og journalistar som har bede om innsyn har fått avslag. Lars Borgersrud har tidlegare fått innsyn i delar av materialet frå etterforskinga.Klassekampen 22. september 2014, s.4.

Merknadar

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Asbjørn Sunde» frå , den 16. november 2017.

Kategori:Deltakarmedaljen Kategori:Journalistar i norske lokalaviser Kategori:Norske forfattarar av erindringsbøker Kategori:Nordmenn dømt for landssvik Kategori:Norske motstandsfolk Kategori:Nordmenn frå den kalde krigen Kategori:Nordmenn frå den spanske borgarkrigen