Claus Marius Neergaard () var ein norsk jurist og byråkrat frå Kristiansund som representerte Arbeidarpartiet på Stortinget 1961-65.
Neergaard var son til ein kjøpmann. Han utdanna seg ved Oslo kommunale handelsskole og vart i 1936 cand.jur. frå universitetet. Det neste tiåret var han sakførar i heimbyen. I 1946 fekk han stillinga som kontorsjef og styrar av Husbanken sin filial for Nordmøre og Romsdal, ein jobb han hadde til 1965. Han vart då tilsett direktør i Studieselskapet for Nordmøres Næringsliv, samstundes som han tok opp att advokatpraksisen i Kristiansund.
Valperioden 1961-65 var Neergaard stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal og for Arbeidarpartiet. Dei fire åra var han sekretær i Protokollkomiteen.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Folk frå Kristiansund