Linn Siri Jensen () er ein norsk tidlegare handballspelar og seinare skuleleiar frå Bergen. Målvakta vann VM-bronse i 1986.

Jensen spelte ei tid på Fyllingen i heimbyen, før ho flytta til Oslo og melde seg inn i IL Vestar, eit lag ho vart seriemeister med i 1989.

Jensen fekk sin landslagsdebut 18 år gammal og var i fyrste halvdelen av 1980-åra mykje godt for fyrstemålvakt på landslaget å rekne. Ho var med då det norske kvinnelandslaget gjorde sitt gjennombrot i internasjonal handball og tok bronsemedalje i VM 1986 i Nederland, ein meisterskap der ho vart skadd og fekk lite speletid. Eitt år seinare spelte ho sin 121. og siste landskamp.

Merittar VM 1986: Bronsemedalje etter 23–19 mot Aust-Tyskland Seriemeister: 1989 med Vestar

Kjelder handball.no

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Spelarar i Handball-VM 1986 for kvinner Kategori:Folk frå Bergen