mini|Rosemåla trillingbolle av bjørk frå ein ukjend stad i Noreg. Han er truleg frå 1700-talet og kom til Norsk Folkemuseum med samlingane til kong Oskar II. Høgd ca. 3,5 cm.

Trillingbolle er eit drikkekar til øl med tre bollar skore ut av eitt stykke tre. Det er gjerne hol mellom bollane slik at ølet kan renna mellom dei. Det kan vera vanskeleg å drikka av trillingbollar utan å søla, og dei var brukt på 1700- og 1800-talet på bygdene i Noreg som «skjemtekar».

Det er funne liknande bollar av keramikk i flere europeiske jernalderfunn, og det er mogleg at desse har hatt ein rituell funksjon.Gjærder (1979) s.123 og s.179.

Sjå òg Tvillingbolle Klunkeflaske

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Trillingbolle» frå , den 14. november 2017.

Litteratur Gjærder, Per (1975): Norsk drikkekar av tre. Bergen – Oslo – Tromsø. Østby, Jon Birger (1983): Nomenklatur for drikkestell, med tegninger av Torill Sand. Oslo.

Kategori:Matkultur Kategori:Drikkekar Kategori:Folkekunst Kategori:Øl