Lahore festning (panjabi og urdu (Shahi Qila), 'Kongefestningen', engelsk Lahore Fort) er ein festning i Lahore i Panjab i Pakistan som saman med Shalimar-hagen er rekna som verdsarv av UNESCO. Mesteparten av den noverande festningen blei bygd på 1600-talet, då Mogulriket var på høgda si.

Festningen ligg nord i gamlebyen innanfor bymuren i Lahore, og omfattar eit område på over 20 hektar. Han omfattar i dag 21 bygningar. Bygginga av den moderne festningen byrja i 1566 under Akbar den store, som gav festnigen ein synkretisk arkitektur som blanda både muslimske og hindumotiv. Under Shah Jahan blei det brukt luksuriøs marmor med inkrusteringar i persisk stil. Den kjende Alamgiri-porten blei bygd under den siste mektige stormogulen, Aurangzeb, og vender mot Badsjahi-moskeen.

Staden der festningen no står har vore busett i tusenår, men den eldste dokumentasjonen av eit forsvarsverk her viser til ein teglverksbygning frå 1000-talet.

Etter at Mogulriket fall blei Lahore festning først brukt av sikh-herskaren Ranjit Singh som bustad. Det blei teke over av Britisk India i 1849 og fall til Pakistan i 1947.

I 1980 nominerte dei pakistanske styresmaktene festningen og Shalimar-hagen i Lahore til UNESCO si verdsarvliste. Dei to stadene blei sett inn som ei felles oppføring på lista i oktober 1981.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lahore Fort» frå , den 16. november 2017.

Bakgrunnsstoff

Unescos världsarvslista: Fort and Shalamar Gardens in Lahore

Kategori:Mogularkitektur Kategori:Verdsarv i Pakistan Kategori:Lahore Kategori:Festningar i Pakistan