Tryggingsrådet i SN (bokmål FNs sikkerhetsråd) er eitt av seks hovudorgan i Dei sameinte nasjonane (SN). Det har som oppgåve å oppretthalda internasjonal fred og tryggleik og godkjenna nye medlemmer av SN og godkjenna endringar av SN-pakta. Det har mellom anna fullmakt til å skipa fredsbevarande operasjonar, internasjonale sanksjonar og militære handlingar gjennom resolusjonar. Det er det einaste SN-organet som kan gje bindande resolusjonar til medlemsstatar. Tryggingsrådet heldt sitt første møte 17. januar 1946.

Medlemmar mini|Barack Obama leiar eit møte i Tryggingsrådet den 24. september 2009.

Tryggingsrådet har femten medlemmar. Stormaktene som var allierte i andre verdskrigen, USA, Frankrike, Folkerepublikken Kina, Russland og Storbritannia er faste medlemmar av rådet og har vetorett, slik at dei kan hindra føreslåtte vedtak. I tillegg til dei fem faste medlemmane har rådet ti andre medlemmar frå ulike regionar i verda som sit i rådet i toårsperiodar. Presidentskapen går på omgang blant medlemmane.

Noreg har vore medlem av Tryggingsrådet fem gonger: 1949–1950 1963–1964 1979–1980 2001–2002 (leia av FN-ambassadør Ole Peter Kolby) 2021–2022 (leia av FN-ambassadør Mona Juul)

Forløpar

Folkeforbundet hadde eit tilsvarande råd, som tok dei fleste avgjerdene . Dette rådet hadde fem permanente medlemmer (Storbritannia, Frankrike, Italia, Japan og Tyskland) og eit varierande tal valde medlemmer (først fire, sidan seks og ni).

Vetoretten Når det gjeld reine prosedyrespørsmål, som gjeld korleis rådet skal arbeida, trengst det ni stemmers fleirtal. I alle andre saker trengst det også at ingen av dei faste medlemmane stemmer imot. Det er dette som er kjend som vetoretten. Kina, Russland, Frankrike, Storbritannia og USA må dermed anten stemma for, eller avstå frå å stemme, dersom ein resolusjon skal gå gjennom.

Utviding

Det har lenge vore diskusjonar om å utvide talet på permanente medlemmar. Landa som har markert seg med dei sterkaste krava om fast sete, Japan og Tyskland, er dei andre og tredje største netto bidragsytarane til SN. Tyskland er også den nest største bidragsytaren av troppar til SN-operasjonar etter USA.

Tidlegare generalsekretær Kofi Annan ba sine rådgjevarar om å fremja forslag til korleis SN-struktur kunne reformerast. Ei føreslått løysing er å utvide talet på faste medlemmar av rådet med fem, som inkluderer Japan, Tyskland, India, Brasil og eit afrikansk land. I september 2004 underteikna desse fire landa ei felles uttaling der dei gjensidig støtte kvarandre sine krav om fast plass. Storbritannia og Frankrike erklærte at dei støtta kravet.

Nokre land, som Italia og Nederland, har lagt fram ønske om eit felles europeisk sete.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «United Nations Security Council» frå , og «FNs sikkerhetsråd» frå den 19. november 2017.

Bakgrunnsstoff

Sikkerhetsrådet - (FN-sambandet)

Kategori:SN Kategori:Skipingar i 1946 Kategori:Etterverknader av andre verdskrigen