Andreas Olsen Nygaard () var ein norsk industriarbeidar og politikar frå Kongsberg.

Far til Nygaard arbeidde på Kongsberg Sølvverk. Sjølv byrja han å arbeide på Kongsberg Våpenfabrikk då han var 16 år og i 1897 var han ein av to elevar i det fyrste kullet som fullførte Kongsberg tekniske kveldsskule. Etter mange års arbeid fekk han stilling som arbeidsformann på våpenfabrikken i 1921.

Nygaard hadde ei rekke verv i arbeidarrørsla og i det offentlege liv. Mellom anna var han styreformann ved Kongsberg kommunale sjukehus frå 1916 og Buskerud skolehjem frå 1940, samt for kinomatografstyret i Kongsberg 1919-29. Han var elles medlem i skulestyret i 6 år og bustadrådet i 3 år.

Tingbolken 1928-30 representerte han kjøpstadene Drammen, Hønefoss og Kongsberg på Stortinget, vald for Arbeidarpartiet. Han lukkast ikkje verte attvald til perioden 1931–33, men som 1. vararepresentant og møtte han ofte på Tinget i staden for representanten Torgeir Vraa. Nygaard kom innatt på Stortinget som fast representant frå 1934 og var tingmann til 1945. Alle åra hadde han sete i Skog- og vassdragskomitéen. Han var ordførar i Kongsberg kommune frå juli til desember 1945.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Ordførarar i Kongsberg Kategori:Ap-ordførarar i Buskerud Kategori:Folk frå Kongsberg