Roseordenen (Rosales) er ein planteorden i Rosidae, gruppert i underkladen Eurosidae I. Ordenen omfattar i dag 9 familiar der typefamilien er rosefamilien. Familiane omfattar vidare rundt 260 slektar som til saman inneheld rundt 7 700 artar.

Nokre kjende plantar i ordenen er alm, gummifikentre, hamp, plomme, aprikos, fersken, nektarin, mandel, jordbær, rogn, kirsebær, morell og trollhegg. Sju av familiane i ordenen er representert naturleg i norsk flora.

Taksonomi Dei 9 familiane anerkjende i APG II-systemet er: Barbeyaceae 1 art Hampefamilien (Cannabaceae) – 170 artar Hampeslekta (Cannabis) Humleslekta (Humulus) Dirachmaceae – 1-2 artar Tindvedfamilien (Elaeagnaceae) – 45-50 artar Morbærfamilien (Moraceae) – 1 000 artar Trollheggfamilien (Rhamnaceae) – 900 artar Rosefamilien (Rosaceae) – 4 000 artar Dryadoideae Kjernefruktunderfamilien (Maloideae) Steinfruktunderfamilien (Amygdaloideae, Prunoideae) Kirsebærslekten (Prunus) Roseunderfamilien (Rosoideae) Spireaunderfamilien (Spiraeoideae) Almefamilien (Ulmaceae ) – 35 artar Neslefamilien (Urticaceae) – 2600 artar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Roseordenen (biologi)» frå , og «Rosales» frå den 26. november 2017.

Kategori:Planteordenar