Arnfinn Moland () er ein norsk krigshistorikar som er førsteamanuensis i historie og leiar for Norges Hjemmefrontmuseum. Han har skrive ei rekkje fagbøker om Heimefronten i Noreg under den andre verdskrigen.

Moland vart Cand. philol. i 1977 ved Universitetet i Oslo med fagkretsen engelsk, tysk og historie (hovudfag).Arnfinn Moland I 1978 vart Moland tilsett ved Noregs Hjemmefrontmuseum som forskar.Arnfinn Moland Prissubsider eller støtte? Striden om melkeparagrafen 1972 Hovedoppgave i historie - Universitetet i Oslo, 1977 I 1991 vart han òg amanuensis der (førsteamanuensis frå 1997), før han i 1995 vart leiar for museet. Hans første større bokutgivelse var Hjemmefront, sjette bind i åttebindsverket Noreg i krig, skrevet saman med hans kollega Ivar Kraglund og utgjeven i 1987. Ti år seinare utgav han boka Strengt Hemmelig. Norsk etterretningsteneste 1945–1970, skrevet saman med Olav Riste. I 1994 var han dessutan manusforfattar og medprodusent for ein dokumentarserie på NRK om Gunnar Sønsteby, «Rapport fra nr. 24.»

Etter at Egil Ulateig si bok frå 1996, Med rett til å drepe, skapte kontroversar som følgje av forfattaren sine udokumenterte påstandar om Hjemmefrontens likvidasjonar og mange påviste feil, påtok Moland seg å skriva ei forskningsbasert bok om temaet. Resultatet kom i 1999, med Over grensen? Hjemmefrontens likvidasjoner under den tyske okkupasjonen av Norge 1940–1945. Moland konkluderte med at talet på likvidasjonar måtte verta sett til 82. Detta var høgare enn det offisielle talet på 65. Etter utgjevinga i 2008 av Olav Njølstad sin biografi om Jens Christian Hauge, der Moland var fagleg konsulent, måtte drapstala oppjusterast til 83, men gjekk sidan attende til 82 att, sidan forsking viste at ein av likvidasjonane omtalte Moland i røyndomen dreidde seg om eit indre kriminelt oppgjør.Per Helge Martinsen: Rød skygge over D13; kommunistene og Milorg i stor-Oslo 1940-45 (Oslo, 2010) Boka er enno den einaste historiefaglege handsaminga av likvidasjonane til motstandsrørsla i Noreg.

Moland fekk mediemerksemd då han i 2000 ifølgje fagbladet Journalisten hadde hevda under eit foredrag at slektningar av gamle NS-folk arbeidde i norske avisredaksjonar, og at dette gjorde det lett å få trykt «usanne påstandar» om Hjemmefronten og Milorg.NS-avkom i norske aviser, Dagbladet, 25. november 2000 Sjølv svara Moland at foredraget ikkje var rett attgjeve av pressa, og det viste seg at han berre hadde lansert NS-sambandet som ei av fem hypotesar som kunne gje ei mogleg forklaring på tendensane i den seinare tid. Oppslaget til Dagbladet om motstandsrørsla og krigshistoria, vart av Odd-Bjørn Fure omtalt som «Dagbladets eiendommelige tap av historisk bevissthet».http://m.journalisten.no/story/21257Odd-Bjørn Fure: Kampen mot glemselen. Kunnskapsvakuum i mediesamfunnet (Oslo, 1997) s. 42

Moland har sidan enno med å utgje bøker og vert i dag rekna som ein av Noregs aller fremste ekspertar på Noreg under den andre verdskrigen og har ofte opptredd i offentlege samanhengar som sakkyndig, kommentator og debattant.

Moland har òg bakgrunn frå idretten som aktiv friidrettsutøvar med lengd og tresteg som spesiale. Moland var formann i idrettslaget Vestar i ein periode på åttitallet.

Bibliografi 2008: Max Manus – Film og virkelighet, med Thomas Nordseth-Tiller 2004: Gunnar Sønsteby – 24 kapitler i Kjakans liv 2001: I hemmelig tjeneste – Kompani Linge sett med britiske øyne 1999: Over grensen? – Hjemmefrontens likvidasjoner under den tyske okkupasjonen av Norge 1940–1945 1997: "Strengt hemmelig"- Norsk etterretningsteneste 1945–1970, med Olav Riste 1991: MILORG 1941–43. Fremvekst, ledelse og organisasjon 1987: Kampen mot mobiliseringstrusselen i Norge 1943–1944. 1987: Sabotasje i Norge under 2. verdenskrig 1987: Norge i Krig, bind 6: Hjemmefront, med Ivar Kraglund Rapport fra Nr. 24 (TV-dokumentar)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Arnfinn Moland» frå , den 17. januar 2018.

Kategori:Norske historikarar Kategori:Folk frå Kvinesdal