Kanariøyane (spansk Islas Canarias, av latin Insulae canariae, 'Hundeøyane') er ei spansk øygruppe og autonom region. Øygruppa ligg i Atlanterhavet, utanfor nordvestkysten av Afrika. Øyane ligg om lag 1500 km frå det spanske fastlandet, medan den næraste øya, Fuerteventura, berre ligg 100 km frå Afrika. Geografisk vert Kanariøyane rekna som ein del av Afrika sidan dei ligg på den afrikanske kontinentalsokkelen, men politisk og kulturelt vert dei rekna som ein del av Europa fordi dei er ein del av Spania. Øygruppa består av sju større øyar: Tenerife, Gran Canaria, Lanzarote, La Palma, La Gomera, Fuerteventura og El Hierro, i tillegg til fleire mindre øyar.
Kanariøyane er ein autonom region som består av to provinsar, Las Palmas og Santa Cruz de Tenerife. Hovudstadane i desse provinsane (Santa Cruz de Tenerife og Las Palmas de Gran Canaria) delar hovudstadsstatusen i den autonome regionen. Kvar av dei sju øyane er styrte av eit ting som vert kalla cabildo insular.
Kanariøyane vart tidleg eit populært mål for charterturistar frå Skandinavia. Charterflygingar med skandinaviske turistar tok til i jula 1957, då det svenske flyselskapet Transair landa på Gran Canaria.History. grancanaria.com. Vitja 2. februar 2020
Geografi mini|Kart over Kanariøyane Kanariøyane er ein del av Makaronesia saman med Asorane, Kapp Verde, Madeira og Selvagensøyane. Vulkanen Teide på Tenerife er det høgaste fjellet i Spania og den tredje største vulkanen i verda. Den geografiske plasseringa til øyane og passatvindane gjer at klimaet kan vere mildt og fuktig eller veldig tørt. Den næraste øya i øygruppa, Lanzerote, ligg 108 km frå den afrikanske kysten. Hovudøyane i øygruppa er frå vest til aust: El Hierro, La Palma, La Gomera, Tenerife, Gran Canaria, Fuerteventura og Lanzarote. Nord for Lanzarote ligg fleire småøyar som utgjer øygruppa Chinijo. Øya Isla de Lobos ligg nord for Fuerteventura.
El Hierro
mini|El Hierro delvis dekt av skyer.
El Hierro er den vestlegaste og sørlegaste øya og har eit areal på 268,71 km². Øya er den minste av dei største øyane og den yngste. I tillegg har øya færrast innbyggjarar av desse øyane med 10 558 innbyggjarar (2007). Det høgaste punktet på øya er Pico de Malpaso på 1 501 moh. og Valverde er hovudstaden. Punta de la Orchilla på øya vart lenge sett på som nullmeridianen, då det var det vestlegaste punktet i den kjende verda. Heile øya vart i januar 2000 erklært som biosfærereservat. Som alle dei andre øyane i Kanariøyane er El Hierro ein turistdestinasjon og er kjend for dei vindskjene einene (Juniperus turbinata), det heilage treet Garoé og El Hierro-kjempeøgla. I Valverde ligg flyplassen på øya og ferjeterminal, som begge har samband med Tenerife. I løpet av 2007 hadde flyplassen 184 843 passasjerar, ein auke på 7,8 % frå året før. Energiforsyninga på øya var tidlegare knytt til eit kraftverk drive på diesel på 10MW og 5% av energitilførselen kom frå fornybar energi, som bestod av to vindmøller nær Valverde på 100 kW og 180 kW. I 1997 vedtok øyrådet at alt energiforbruk på øya skulle kome frå en fornybar kjelde, som sol-, vind- eller vasskraft. Prosjektet er finansiert av Generaldirektoratet for energi og transport som er underlagt Europakommisjonen og administrert av Instituto Tecnológico de Canarias. Så langt er det installert anlegg for termisk solenergi og fotoelektrisk solenergi.
Fuerteventura mini|Satellittbilete av Fuerteventura. Den nest største av Kanariøyane og den som ligg nærast Afrika. Fuerteventura er den nest største av Kanariøyane, etter Tenerife, og ligg 97 km vest for det afrikanske fastlandet. Øya er 100 km lang og 31 km brei på det breiaste og dekker eit areal på 1 660 km², 80 km² meir enn den norske øya Senja. Administrativt er øya ein del av provinsen Las Palmas og består av seks kommunar, som totalt har 100 busetnader. Øya har 94 386 innbyggjarar (2007) og 28 357 bur i Puerto del Rosario, hovudstade på øya. Det høgaste punktet er Pico de la Zarza med 812,4 moh., som ligg sørvest på øya. Nord for Fuerteventura ligg den folketomme øya Isla de Lobos på 6 km². Øya ligg på same breiddegrad som Florida og Mexico og temperaturane går sjeldan under 18 °C eller over 24 °C. Øya har 152 strender, der 50 km består av fin kvit sand og 25 km med svart vulkansk singel. Fuerteventura er den eldste av Kanariøyane og vart danna ved eit vulkanutbrot for 20 millionar år sidan. Brorparten av øya er 5 millionar år gammal og er sidan den gong erodert av vêr og vind.
Det første turisthotellet vart bygd på øya i 1965 etterfølgd av bygginga av Fuerteventura lufthamn. I løpet av 2007 hadde lufthamna 4 629 877 passasjerar, ein auke på 3,8 % frå året før.
Gran Canaria mini|Satellittbilete av Gran Canaria med halvøya La Isleta i nord. Gran Canaria ligg søraust for Tenerife og vest for Fuerteventura. Øya har eit areal på 1 560 km² med ein diameter på 50 km. Total kystlengd er 174,5 km og avstanden til Afrika er 190 km. Administrativt er øya ein del av provinsen Las Palmas og er inndelt i 21 kommunar med totalt 815 379 innbyggjarar (2007). Øya er den nest største målt etter folkesetnad, etter Tenerife. Nær halvparten av innbyggjarane på øya bur i hovudstaden (377 203). Andre store kommunar er Telde (98 399), Santa Lucía de Tirajana (58 335), San Bartolomé de Tirajana (49 601), Arucas (35.280), Ingenio (28 132) og Agüimes (27 310).
Den største byen på er Las Palmas de Gran Canaria, som òg er hovudstad for provinsen Las Palmas og den autonome regionen Kanariøyane. Det høgaste punktet på øya er Pico de Las Nieves på 1 949 moh., plassert midt på øya.
I 2005 vart ein tredjedel av sørvestsida på øya eit biosfærereservat. Området dekker tre kommunar, delar av ein kommune og alt over 300 moh. i tre andre kommunar.
Gran Canaria internasjonale lufthamn er den største på Kanariøyane og den einaste med to rullebanar. Lufthamna har kapasitet på 53 landingar og avgangar i timen. Flyplassen ligg aust på Gran Canaria ved Bahía de Gando, om lag 18 km frå Las Palmas og 25 km frå turistområda i sør. I løpet av 2007 hadde lufthamna 10 354 903 passasjerar, ein auke på 0,7 % frå året før.
Lanzarote mini|Satellittbilete av Lanzarote med Chinijo-øyane i nord.
Lanzarote ligg lengst aust i øygruppa, 11 km nordaust for Fuerteventura. Lanzarote er den fjerde største øya i øygruppa og har et areal på 845,9 km². Øya er 60 km lang, 25 km brei og har ei kystlengd på 213 km. Av dei 132 366 innbyggjarane på øya bur 56 834 i den største byen på øya, Arrecife. Sidan øya er relativt låg og har lite vegetasjon, så fangar øya lite av fukta passatvinden fører med seg, og øya har derfor berre om lag 115 mm nedbør i året. Plantene er derfor tilpassa eit tørt klima og drikkevatn kjem frå avsalting av sjøvatn. Trass i det tørre klimaet har øya ein rik flora, der 20 planter er endemiske.
Timanfaya nasjonalpark vart danna etter eit vulkanutbrot som fann stad mellom 1730 og 1736. Det høgaste punktet er Peñas del Chache, i Massif de Famara, med 670 meter over havet. Heile øya vart erklært et biosfærereservat 7. oktober 1993.
Viktigaste næringsveg er turisme som starta i 1960-åra.
Øya vart namngjeven av Angelino Dulcert som Insula de Lanzarotus Marocelus, etter den genovesiske sjøfararane Lancelotto Malocello.
La Gomera mini|Satellittbilete av La Gomera. Skogen midt på øya er ein del av Garajonay nasjonalpark.
La Gomera er den nest minste av hovudøyane og har eit areal på 369,76 km². Øya er av vulkansk opphav som dei andre øyane og er rund, med ein diameter på 22 km.
Garajonay nasjonalpark vart oppretta som nasjonalpark i 1981 og vart ein del av verdsarvlista til UNESCO i 1986. Nasjonalparken ligg midt på og nord på øya og dekker eit område på 40 km². I nasjonalparken ligg det høgaste punktet på øya, Garajonay på 1487 moh.
Øya er ein del av provinsen Santa Cruz de Tenerife og er inndelt i seks kommunar. Den største byen og hovudstaden er San Sebastián de La Gomera, der nær ein tredjedel av dei 22 259 innbyggjarane på øya bur (2007).
La Gomera var siste hamn for Kristoffer Columbus før han kryssa Atlanterhavet i 1492.
La Palma mini|Satellittbilete av La Palma. På midten av øya kan ein sjå krateret til Caldera de Taburiente.
La Palma har eit areal på 706 km² og 85 933 innbyggjarar (2007). Den største byen på øya er Santa Cruz de La Palma.
Tenerife mini|Satellittbilete av Tenerife. På midten av øya kan ein sjå vulkanen Teide.
Tenerife har eit areal 2 034 km² og 865 071 innbyggjarar (2007). Santa Cruz de Tenerife er hovudstaden på øya og sete for øyrådet (cabildo insular). Han er den nest største byen på Kanariøyane etter Las Palmas de Gran Canaria, samt hovudstad i det autonome området Kanariøyane i lag med Las Palmas de Gran Canaria. Mellom 1833 og 1927 var Santa Cruz de Tenerife den einaste hovudstaden på Kanariøyane.Real Decreto de 30 de noviembre de 1833 på spansk WikisourceReal Decreto de 30 de noviembre de 1833 en el sitio web oficial del Gobierno de Canarias
På øya ligg La Laguna universitet, som vart grunnlagd i 1792. San Cristóbal de La Laguna (verdsarvstad) er den nest største byen på øya og den tredje største i øygruppa. På Tenerife ligg òg Teide, det høgaste fjellet i Spania og i Atlanterhavet og den tredje høgaste vulkanen i verda målt frå foten av fjellet. Teide er òg ein verdsarvstad.Parque nacional del Teide: web oficial de Turismo de Tenerife
Den eldste fjellkjeda på Tenerife steig opp frå Atlanterhavet under eit vulkanutbrot som skapte øya for rundt tolv millionar år sidan. Øya som ho er i dag vart forma for tre millionar år sidan då tre øyar vart slått saman, med fjellkjedene Anaga, Teno og Valle de San Lorenzo. Den vulkanske aktiviteten på Teide var årsaka til denne samanslåinga. Vulkanen er i dag synleg frå dei fleste stader av øya, og krateret er på det største 17 km på tvers.
I tillegg ligg det høgaste fjellet i heile Spania på Tenerife, Teide, med ei høgd på 3718 meter over havet.
Chinijo-øyane
Chinijo-øyane består av seks mindre øyar:
Øy Hovudstad Areal km² Folketal Alegranza Ikkje busett 10,2 Ikkje busett La Graciosa Caleta de Sebo. 29,05 658 (2006) Montaña Clara Ikkje busett 1,33 Ikkje busett Roque del Este Ikkje busett 0,06 Ikkje busett Roque del Oeste Ikkje busett 0,0158 Ikkje busett
Geologi mini|Utsyn mot Teide Øygruppa består av fjell som stuper bratt ned mot kysten. Berggrunnen har vulkansk opphav. Vulkanen Teide på Tenerife er den tredje høgaste vulkanen i verda som ligg på ei vulkanøy og Pico dei Teide har ei høgd på 3718 moh.
Kanariøyane vart danna ved opninga av Atlanterhavet frå juratida og fram til i dag. Alle øyane utanom La Gomera har hatt vulkansk aktivitet den siste millionen år. Landskapet vart heva i tertiærtida som ein del av Atlasfjella
Nasjonalparkar Fire av nasjonalparkane i Spania ligg på Kanariøyane og ingen andre spanske autonome regionar har så mange:
Parque Nacional de la Caldera de Taburiente på La Palma Garajonay nasjonalpark på La Gomera Teide nasjonalpark på Tenerife Timanfaya nasjonalpark på Lanzarote
Historie Forhistorie mini|Guanche-pyramidane i Güímar Den eldste busetnaden på øyane er datert med C-14-metoden til om lag 500 f.Kr. Dette kan henge saman med kartagenaren Hanno si sjøreise langs kysten av Afrika mellom 450 og 425 f.Kr. Hanno hadde som oppgåve å skipe nye koloniar. Det finst ei datering på La Graciosa som er eldre (ca. 800 f.Kr.), men ingen funn tyder på at dette var ein busetnad. Kanskje kan alt fønikarane vore innom øyane (ca. 1000 f.Kr.) og sett namnet «Purpurøyane» på Lanzarote og Fuerteventura.
Øyane vart hovudsakleg folkesett av forskjellige grupper med berbarar frå Nord-Afrika. DNA-analyser av skjelett viser òg innvandrarar frå Pyrenéhalvøya, øyar i Middelhavet, Midtausten, Afrikas horn og frå områda sør for Sahara.