Wilhelmus Marinus Antonius Jansen, nemnd Wim Jansen, () var ein nederlandsk fotballspelar og -trenar frå Rotterdam. Han spelte 65 landskampar for Nederland og deltok i alle landet sine kampar under Fotball-VM 1974 og 1978. to turneringar som begge enda med finaletap. Jansen spelte femten sesongar på Feyenoord sitt sigerrike lag. Han var med å finne Europacupen i 1970 og UEFA-cupen i 1974. I tillegg vart han tre gongar seriemeister og i 1969 nasjonal cupmeister med laget frå heimbyen Rotterdam. Jansen spelte i all hovudsak som defensiv midtbanemann.
Klubbspel Jansen spelte for Feyenoord frå 1965. Han var med då laget gjekk til topps i serien i 1969 og samstundes slo PSV Eindhoven 2-0 i omkampen i finalen om KNVB-pokalen. 6. mai 1970 bidrog han til at Feyenoord vann med 2-1 over skotske Celtic i finalen i Europacupen for serievinnarar, ein kamp i Milano som vart avgjort på tampen av 2. ekstraomgang. Året etter vart han seriemeister for andre gong og i 1974 for tredje gong. I mai 1974 slo Feyenoord og Jansen, saman med mellom andre Willem van Hanegem og Wim Rijsbergen, London-laget Tottenham Hotspur med samanlagt 4-2 i finalane i UEFA-cupen. 1980-82 veksla han mellom å gjere teneste i Washington Diplomats og AFC Ajax i heimlandet. Han la opp etter å ha vorte serimeister med Ajax i 1982.
Landslagsspel Jansen landslagsdebuterte borte mot Danmark 4. oktober 1967, ein EM-kvalifiseringskamp som enda med tap 2-3. Også karar som Johan Cruijff, Piet Keizer og Wim Suurbier var med å tape kampen. 4. september 1968 slo Nederland Luxembourg med 2-0 i Rotterdam, Feyenoord-spelarane Janen og Hanegem skåra mål på deira heimebane De Kuip. 12. september 1973 vann Nederland og Jansen med 2-1 over Noreg i ein VM-kvalifiseringskamp på Ullevål stadion i Oslo. Under verdsmeisterskapen 1974 i Vest-Tyskland spelte han alle Nderlands sine kampar. I finalen felte han den vesttyske angrepsspelaren Bernd Hölzenbein i straffefeltet, noko som gav Paul Breitner høve til utlikne til 1-1. Seinare i finalen vart Gerd Müller kampvinnar for Vest-Tyskland. Under finalespelet i Fotball-EM 1976 tapte Nederland semifinalen 1-3 mot Tsjekkoslovakia, for så å vinne bronsekampen 3-2 over Jugoslavia, eit oppgjer der Jansen vart bytta ut. Også i Fotball-VM 1978 deltok Jansen i alle Nederland sine kampar. I finalen vart vertslandet Argentina for sterkt, kampen enda etter ekstraomgangar med tap 1-3 for Jansen og lagkameratane. 23. januar 1980 i spanske Vigo, i sin siste landskamp, vart Jansen bytta ut då heimelaget vann 1-0 i ein vennskaps-landskamp.
Merittar Vinnar av Europacupen: 1970 med Feyenoord Vinnar av UEFA-cupen: 1974 med Feyenoord Nederlandsk seriemeister: 1969, 1970 og 1971 med Feyenoord og 1982 med Ajax Nederlandsk cupmeister: 1969 med Feyenoord VM-sølv: 1974 og 1978 med Nederland
Død Jansen vart dement og døydde gjennom assistert sjølvmord.
Landskamp-statistikk NederlandÅrKamparmål19673019685119693019705019715019721019731019741101975401976501977401978120197950198010Totalt651
Kjelder eu-football National Football Teams
Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:Feyenoord-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1974 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1976 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1978