Europameisterskapen i handball 2010 for kvinner, den 9. i rekka, vart avvikla i tida 7. til 19. desember 2010 i Danmark og Noreg. Til saman 16 land deltok i turneringa. Noreg sikra seg europameisterpokalen for tredje gong i rad då laget vann finalen mot Sverige med 25 mål mot 20.

Innleiande runde

Gruppe A

<noinclude>

Gruppe B

<noinclude>

Gruppe C

<noinclude>

Gruppe D

<noinclude>

Mellomrunden Gruppe I

<noinclude>

Gruppe II

<noinclude>

Sluttspelet Kamp om 5.-plass

Semifinalar

Bronsefinale

EM-finalen Noreg og Sverige møttest til finalekamp i Herning framfor 11 004 tilskodarar. Dei to laga fylgde kvarandre til 4-4 før Sverige drog ifrå og var oppe i 10-7, til pause leia svenskane 11-10. I andre omgangen utlikna Noreg og då dei norske kvinnene gjekk frå 13-13 til 17-13, fekk Noreg kontroll over kamputviklinga. Sidan kom det svenske mannskapet aldri nærare enn tre mål under og sluttresultatet vart 25-20. Dermed kunne Noregs lag bokføre landets femte EM-tittel i handball.

Flest mål for Noreg skåra lagkaptein Gro Hammerseng og Heidi Løke, 5 stykke på kvar, vidare netta Camilla Herrem 4 gongar, Linn Sulland og Karoline Breivang 3, Tonje Nøstvold 2, Marit Frafjord, Tonje Larsen og Nora Mørk skåra 1 mål. Katrine Lunde Haraldsen vakta det norske målet. Elles tok Linn-Kristin Riegelhuth, Kari Mette Johansen, Ida Alstad, Tine Stange og andremålvakt Kari Aalvik Grimsbø del i kampen, medan Stine Oftedal var med i innleiinga av meisterskapen.

Med sine 7 nettkjenningar vart svenske Isabelle Gullden kampens toppskårar.

Danskane Martin Gjeding og Mads Hansen dømde finalekampen. Dei straffa Noreg med ei 2-minuttsutvising og Sverige med to.

Kjelder sportresult