mini|Maskinkanoner med fleire løp kallast gjerne Gatling mini|LAV-AD fyrar av sin GAU-12 på ei øving i 1999. GAU-12/U Equalizer er ein gatlingkanon frå amerikanske General Electric. Han har fem løp og er i kaliber 25 mm. Han er i bruk i USA, Storbritannia og fleire andre NATO-land på fly og køyretøy.
Den femløps gatlingkanonen vart utvikla seint på 1970-talet, basert på mekanismen til GAU-8 Avenger, men har kammer for ein ny standard Nato 25 mm. GAU-12/U vert driven av ein 11 kW elektrisk motor, men kan ved utvendig montering drivast pneumatisk. Vanleg skottakt er 3 600 skot i minuttet, med ein maksimal skottakt på 4 200 skot i minuttet.GAU-22/A fact sheet . General Dynamics
GAU-12/U brukar vanlegvis PGU-20/U panserbrytende/brannstiftande (API) eller PGU-22/PGU-25 spreng/brannstiftande (HEI) ammunisjon. Kaliberet er kraftigare enn den eldre M61 Vulcan, og meir effektiv enn den gamle 30 mm ADEN-kanonen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «GAU-12 Equalizer» frå , den 21. desember 2017.
Bakgrunnsstoff
FAS.org: GAU-12 Equalizer Globalsecurity.com: GAU-12
Kategori:General Electric Kategori:Maskinkanonar Kategori:USA-amerikanske skytevåpen