Gammaherpesvirus (Gammaherpesvirinae) er ein underfamilie av herpesvirus med fire slekter. Dei har pattedyr som vertar. Epstein-Barr-viruset og Kaposi-sarkom-assosiert herpesvirus er døme på gammaherpesvirus.
Gammaherpesvirus føretrekkjer lymfocyttar som vertsseller. Dei ser òg ut til å føretrekkja løynde infeksjonar over lytisk øksling, der genomet til viruset finst i cytoplasma i form av eit sirkulært DNA-molekyl.
Gammaherpesvirusa kodar alle for tegumentprotein med domene som er homologe til enzymet fosforibosylformylglysinamid-amidotransferase (FGARAT). Korkje alfaherpesvirusa eller betaherpesvirusa har ein slik homologi. Dei FGARAT-homologe virusproteina spelar ei rolle i uverksamgjeringa av antivirusvern i vertssella.
Kjelder