mini|Hamar og Lillehammers brune julebrus, Grans røde julebrus og Apotekarnes julmust mini|Julebrus på glas og flaske. mini|Oskar Sylte julebrus. Julebrus eller jolebrus er brustypar som tradisjonelt blir selde og drukne i tida rundt jul. Julebrus er stort sett raud eller meir brunleg, men det finst også grøne og gule brusar.

Julebrus i Noreg På Sørlandet og på Hamar og i midtre og nordlege delar av Austlandet (Oppland og Hedmark), i Trondheim og sørlege delar av Nord-Noreg, er julebrusen brun og smakar litt som champagnebrus. I sørlege delar av Austlandet og på Vestlandet og i delar av Nord-Noreg er julebrusen stort sett raud og smakar litt som eventyrbrus, som er den vanlegaste raude brusen resten av året.

Julemust

I svensk tradisjon finst ein tilsvarande leskedrikk som blir drukken ved juletider kalla julmust. Drikken skil seg frå julebrus hovudsakleg ved bruk av maltekstrakt og humle. Ingrediensane kjem av at must historisk blei utvikla som eit alkoholfritt alternativ til øl.

Roma Mineralvannfabrikk i Lillestrøm er den einaste norske produsenten av julemust.

Ulike typar Arendal julebrus (gul-brun) Berentsens julebrus Borg julebrus (raud) Borg gyldne julebrus CB julebrus Coca-Cola julebrus (raud) COOP julebrus (raud) E. C. Dahl julebrus Grans julebrus (raud) Grans julebrus med pæresmak Grans julebrus X - utan tilsett sukker Hamar og Lillehammer Julebrus (Ringnes, brun) Hansa julebrus Lerum julebrus (raud) Mack julebrus Ringnes julebrus (raud) Romas julebrus Romas Røde Julebrus Romas Røde Julebrus utan tilsett sukker Romas Brune Julebrus Roma Svensk Julemust (svensk julemust, brun) Rudolf og Nissens Julebrus (Oskar Sylte) Sørlandets julebrus Tom & Jerry-brus (heilårsbrus, raud) Trønder julebrus (Grans) Union (tidlegare kjend som Trio julebrus - oransje farge) Aass julebrus (raud)

Sjå òg Sukkerøl

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Julebrus» frå , den 26. desember 2017.

Bakgrunnsstoff

Aperitif.no: Test av rød julebrus 2007 Aperitif.no: Test av brun/gul julebrus 2007 Hvilken er best? Den Store Julebrustesten 2002 Drakk julebrus – måtte pumpes 2004 Amfetamin i julebrus 2005

Kategori:Brus Kategori:Juledrikke