Pedro II av Brasil eller Dom Pedro II do Brasil () var den andre og siste keisaren av Brasil.
Han blei keisar berre fem år gammal, i 1831, etter at faren Pedro I abdiserte og forlét landet. Fram til 1841 blei landet styrt av fleire regentar på hans vegner. Pedro II blei omtalt som ein liberal monark som tok skritt for å reformera og industrialisera Brasil. Mellom anna la han ned forbod mot slaveri i 1888. Sjølv om han var populær blant befolkninga, blei monarkiet avskaffa ved eit militærkupp i 1889. Han flytta då til Paris, der han døydde 5. desember 1891.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pedro II av Brasil» frå , den 7. januar 2018.
Julsrud, Ottar & Buvollen, Hans Petter. Brasils historie (2. januar 2018). I Store norske leksikon.
Kategori:Brasiliansk historie Kategori:Medlemmer av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Brasilianske keisarar Kategori:Folk frå Rio de Janeiro