Riksveg 354 (Fv354) er ein veg i Telemark i Noreg som går mellom Kjørholt i Porsgrunn og Rugtvedt i Bamble.

Vegen gjekk opphavleg mellom Moflata i Skien og Skjelsvik, traséen mellom Skjelsvik og Rugtvedt var opphavleg del av europaveg 18.

Etter at regionsreforma trødde i kraft 1. januar 2010 fekk vegen statusen som fylkesveg. Den 1. februar 2010 vart traseen mellom Moflata i Skien og Skjelsvik i Porsgrunn overført til riksveg 36. Strekninga mellom Heistad og Rugtvedt vart seinare klassifisert til riksveg igjen, samstundes som Heistaddalen vart overført frå europaveg 18, og Tangenvegen til Grenlandsterminalen vart del av riksvegen.

Kommunar og knutepunkt

frå Kjørholt via Skjelsvik mot Undrumsdal i Re, og mot Rugtvedt Breviksvegen frå Heistad til Skjelsvik

Ørvik bru (over Brevikbanen, 13 m) Arm Tangenvegen til Grenlandsterminalen (0,4 km) Norcem bru (viadukt over industriområde, 105 m) Brevikstunnelen (212 m) Trosvikvegen bru (viadukt, 132 m) Kommunal veg Torskebergvegen mot Brevik sentrum Kommunal ferja frå Langbrygga til Sandauga, Bjørkøya og Siktesøya Breviksbrua (over Frierfjorden, 676 m)

Sundbyveien frå Stathelle mot Langesund Høgenheitunnelen (624 m) Rugtvedt bru (over E18, 69 m) Herreveien frå Rugtvedtmyra mot

Referansar

Vegvesenets vegkart

Bakgrunnsstoff

Kategori:Riksvegar Kategori:Vegar i Bamble Kategori:Vegar i Porsgrunn Kategori:Vegar i Telemark