Kungälv er den sørlegaste byen i Bohuslän, grunnlagd tidleg på 1000-talet ved Nordre älv. Kungälv er ein kommune i Västra Götalands län.
Geografi Kommunen grensar til Stenungsund, Lilla Edet, Ale, Göteborg, Öckerö og Tjörn. Han har Göta älv i aust, Nordre älv i sør og Kattegat i vest, medan han blir kryssa av transportvegane Europaveg 6 og Bohusbanen.
Historie mini|venstre|Bohus festning i Kungälv. Byen blei grunnlagd om lag 1080, og var ein av dei viktigaste byane i Noreg i mellomalderen, med namnet Konghelle. Sigurd Jorsalfar gjorde han til hovudstad då han kom heim frå utlandet i 1111, og Kungälv var sete for kongane fram til slutten av 1150-åta.
I 1135 blei byen overfallen og brend av venderane. Han blei bygd opp igjen og blei ståande heilt fram til svenskane brende byen i 1612. Som svar på dei stadige svenske herjingane tok kong Kristian IV avgjerda om å flytta byen nærare Bohus festning.
Kungälv voks som industriby ved slutten av 1800-talet. Eit glasverk blei grunnlagd i 1975 og ein kjeksfabrikk i 1888. Frå 1909 til 1982 laga ABC-fabrikkane, AB Bröderna Claesson, sportsutstyr i kommunen.
Industri Næringslivet i Kungälv er i dag prega av mange små føretak som ofte er viktige underleverandørar til større verksemder i regionen. I 2003 la Swedish Match ein ny snusfabrikk til det nye industriområdet Solbräcke.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kungälv» frå , og «Kungälv» frå den 23. april 2006.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Västra Götalands län