Who's Gonna Play This Old Piano...Think About It, Darlin' er eit studioalbum av Jerry Lee Lewis som kom ut på Mercury Records i 1972.
Det andre albumet til Lewis i 1972 skilde seg ikkje berre ut frå det førre albumet hans, The Killer Rocks On, men òg frå dei tidlegare countryalbuma hans som Another Place, Another Time og She Still Comes Around (To Love What's Left Of Me). I motsetnad til desse albuma der musikken vart framført i ein enkel, «hardnakka» stil, var Who's Gonna Play This Old Piano...Think About It, Darlin''' langt meir i tråd med den glattare, «countrypolitan»-stilen som yrja å dominere countryradio tidleg i 1970-åra. «She's Reaching for My Mind», «Too Many Rivers» og «No Traffic Out of Abilene» inneheld alle strykarar og ei rekkje korvokalistar, sidan produsenten Jerry Kennedy prøvde å gjere albumet så moderne som mogeleg.
Sjølv om albumet nådde tredjeplassen på countrylista til Billboard'', signaliserte det byrjinga på slutten for den lange rekkja med hitssignalr for Lewis. Tittelsporet klarte ikkje å nå topp 10 på lista og stoppa på 14. plassen.
Innhald
Medverkande Jerry Lee Lewis - vokal, piano Chip Young, Dale Sellers, Harold Bradley, Jerry Kennedy, Pete Wade, Ray Edenton - gitar Pete Drake - steelgitar Kenny Lovelace - fele Bob Moore - bass Bill Strom - organ Buddy Harman - trommer Bob Phillips - trompet Wayne Butler - trombone Stephen Sefsik - klarinett Carol Montgomery, Dolores Edgin, Hurshel Wiginton, Joe Babcock, Millie Kirkham, Rickie Page, Trish Williams - vokalakkompagnement Cam Mullins - arrangement
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Who's Gonna Play This Old Piano?» frå , den 27. januar 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Jerry Lee Lewis-album Kategori:Musikkalbum produserte av Jerry Kennedy Kategori:Mercury Records-album