Jerry Lee Lewis er eit studioalbum av Jerry Lee Lewis som kom ut på Elektra i 1979.

Innspeling Etter å ha vore 15 år på Mercury, byta Lewis til Elektra i 1978. Lewis hadde gått lei den overprodusserte countrymusikken han spelte for Mercury og den nye produsenten Bones Howe byrja å spele inn musikk med Lewis i januar 1979 i Los Angeles. Howe, som hadde arbeidd med Elvis Presley tidlegare og produsert album for Tom Waits og Juice Newton, sette i saman eit enklare band (inkludert den tidlegare Elvis-gitaristen James Burton) som likna bandet Lewis brukte på turné. Resultatet vart det beste Lewis hadde fått på fleire år. Singelen «Rockin' My Life Away» nådde berre 18. plassen på countrylista, men vart ein konsertfavoritt.

Mottaking Jerry Lee Lewis fekk god kritikk, men selde ikkje så bra. Det nådde 23. plassen på countrylista til Billboard og berre 186. plassen på Billboard Topp 200.

Innhald

Medverkande Jerry Lee Lewis - vokal, piano James Burton - elektrisk gitar, dobro Kenny Lovelace - akustisk & elektrisk gitar, fiolin Tim May - akustisk & elektrisk gitar Dave Parlato - bass Hal Blaine - trommer, perkusjon Ron Hicklin Singers - korvokal Bob Alcivar - strykearrangement, dirigent

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jerry Lee Lewis (Elektra album)» frå , den 28. januar 2018.

Kategori:Jerry Lee Lewis-album Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Musikkalbum produserte av Bones Howe Kategori:Elektra Records-album