Tatjana Borisovna Averina () var ein russisk skeiseløpar frå Gorkij som representerte Sovjetunionen. Ho vart olympisk meister på 1000 meter og 3 000 meter under Vinter-OL 1976 i Innsbruck og verdsmeister i firkamp 1978 i Helsinki. Averina var gift med skeiseløparen Aleksandr Barabasj, og blei deretter også kjend som Tatjana Barabasj.

Averina deltok internasjonalt frå 1970 og vart nummer tre i Skeise-EM 1971. Både i 1974, 1975 og 1976 kom ho på andreplass i den årlege verdsmeisterskapen i firkamp, slått av høvesvis Atje Keulen-Deelstra frå Nederland, Karin Kessow frå Aust-Tyskland og Sylvia Burka frå Canada. På tampen av 1974-sesongen sette Averina verdsrekord både 1500 m og 1000 m på Medeo-bana i Kasakhstan, rekordar ho forbetra fleire gongar på same bana nær eitt år seinare. Ho forbetra då også 500-meterrekorden, sist til 41,06 sekundar.

mini|venstre|Averina på eit russisk frimerke frå 2013 Under dei olympiske vinterleikane 1976 i Innsbruck opna Averina med å vinne bronsemedaljen på 1500 m, for deretter å sikre seg bronse nummer to på 500-meteren. Sidan vann ho gullmedaljen på 1000 m, før ho avslutta medaljehausten gjennom å vinne 3000 meter med minimal margin, fire og fem hundredels sekund framom sølv- og bronsemedaljørane, bronsen gjekk elles til Lisbeth Korsmo. I firkamp-VM 1978 i Helsinki vart Averina verdsmeister framom landskmannen Galina Stepanskaja. Averina deltok i Vinter-OL 1980, utan å utmerke seg.

Kjelder

Kategori:Russiske skeiseløparar Kategori:Sovjetiske skeiseløparar Kategori:Folk frå Gorkij