Bayonetta er eit actionspel utvikla av PlatinumGames og utgjeve av Sega. Spelet kom opphavleg ut i Japan på spelemaskinane Xbox 360 og PlayStation 3 i oktober 2009, og i Europa og Nord-Amerika i januar 2010. Spelet vart seinare gjeve ut på Wii U samtidig med oppfølgjaren Bayonetta 2, som kom ut i september 2014 i Japan og oktober 2014 i Europa og Nord-Amerika. Ei forbetra utgåve av spelet vart gjeven ut til Microsoft Windows 11. april 2017 på Steam. Spelet vart gjeve ut globalt til Nintendo Switch i februar 2018, også samtidig med oppfølgjaren.
Bayonetta går føre seg i Vigrid, ein fiktiv by i Europa. Spelet handlar om heksa Bayonetta, som kan skifte ham og bruke fleire ulike våpen. Ho meistrar også magi, og kan bruke sitt eige hår til å kalle på demonar for å gjera av med fiendane sine. Spelet bruker eit karaktersystem som gjev spelarar karakterer avhengig av korleis dei presterer i spelet, og eit kampsystem som liknar det i Devil May Cry-serien.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Actionspel Kategori:Dataspel frå 2009 Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:PlayStation 3-spel Kategori:PlayStation 4-spel Kategori:Wii U-spel Kategori:Windows-spel Kategori:Xbox 360-spel Kategori:Xbox One-spel