«Maybe Baby» er ein rock and roll-song skriven av Buddy Holly og produsenten Norman Petty. Songen vart spelt inn av Holly og The Crickets i 1957 og gjeven ut på singel. På singelen er dei berre omtalt som The Crickets og han vart ein hit i USA, Storbritannia og Canada.Song artist 320 – Buddy Holly.
Innspeling og utgjeving «Maybe Baby» vart spelt inn på Tinker Air Force Base i Midwest City i Oklahoma seint på natta 29. september 1957, medan Buddy Holly and The Crickets var på turné. Same kvelden som opptaket hadde dei konsert i Oklahoma City Municipal Auditorium med The Show of Stars '57.http://www.tinker.af.mil/Home/News/ArticleDisplay/tabid/6555/Article/387289/buddy-holly-recording-now-fixed-to-tinker-with-help-of-local-historian.aspx Den ganske enkle teksten er sett til musikk med eit akkompagnement som er typisk for rockabilly.
«Maybe Baby» vart opphavleg spelt inn av Holly og The Crickets i 1957,Buddy Holly: The Complete Works. og nådde 17. plassen på den amerikanske singellista og fjerdeplassen på den britiske. Holly turnerte i Storbritannia dette året. Singelen nådde òg åttandeplassen på R&B-lista til Billboard og niandeplassen på den kanadiske singellista.Song artist 320 – Buddy Holly.
Andre versjonar Jackie DeShannon gav ut ein versjon av songen på albumet hennar Breakin' It Up On the Beatles Tour! frå 1964. Visesongaren Phil Ochs spelte songen på konsert tidleg i 1970-åra då Ochs brukte elektriske instrument og spelte mange songar frå 1950-åra. Bandet Gallery gav ut ein versjon av songen i 1972 på albumet Nice to Be with You. Countryartisten Susie Allanson gav ut ein versjon i 1978, som nådde sjuandeplassen på den amerikanske countrylista og 14. plassen på den kanadiske countrylista. Bobby Vee gav ut ein versjon i 1963. The Hollies spelte inn songen i 1980. The Nitty Gritty Dirt Band spelte in songen i 1996. Skeeter Davis spelte inn songen i 1967. Brian May, gitarist i Queen, gav ut songen som B-sida til singelen «Business» i 1998 og tok han med på albumet Red Special, som berre kom ut i Japan. Paul McCartney spelte inn songen for filmmusikken til den britiske filmen Maybe Baby. Hank Marvin gav ut ein versjon av songen i 1996. Esquerita spelte inn songen for albumet Esquerita! i 2010. Pat Monahan frå bandet Train spelte ein versjon av songen for hyllestalbumet Listen to Me: Buddy Holly, som kom ut i 2011. The Beatles spelte inn songen den 29. januar 1969 under Let It Be–Get Back-innspelingane. Det serbiske bandet Eva Braun spelte inn ein akustisk versjon av songen i 1993. Connie Francis spelte inn songen i 1996. Don McLean spelte inn songen i 1989.Maybe Baby. Second Hand Songs.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Maybe Baby (song)» frå , den 6. februar 2018. oppgav desse kjeldene: Amburn, Ellis (1996). Buddy Holly: A Biography. St. Martin's Press. . Bustard, Anne (2005). Buddy: The Story of Buddy Holly. Simon & Schuster. . Dawson, Jim; Leigh, Spencer (1996). Memories of Buddy Holly. Big Nickel Publications. . Goldrosen, John; Beecher, John (1996). Remembering Buddy: The Definitive Biography. New York: Da Capo Press. . Goldrosen, John (1975). Buddy Holly: His Life and Music. Popular Press.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Rockabilly-songar Kategori:Buddy Holly-songar Kategori:Songar frå 1957 Kategori:Singlar frå 1958 Kategori:Susie Allanson-songar Kategori:Songar skrivne av Buddy Holly Kategori:Songar skrivne av Norman Petty Kategori:Brunswick Records-singlar Kategori:Jackie DeShannon-songar Kategori:Skeeter Davis-songar Kategori:The Hollies-songar Kategori:Don McLean-songar Kategori:Nitty Gritty Dirt Band-songar Kategori:Connie Francis-songar Kategori:Hank Marvin-songar Kategori:Brian May-songar Kategori:Paul McCartney-songar