Orange er ein kommune i departementet Vaucluse i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur søraust i Frankrike.

Orange vart grunnlagt i år 35 f.Kr. av pensjonerte legionærar. Frå 1100-talet fekk byen status som eit mindre fyrstedøme i Det tysk-romerske riket. Då Vilhelm, greve av Nassau, med landområde i Nederland, arva tittelen fyrste av Orange i 1544 vart fyrstedømmet inkorporert i det som vart kjent som huste Nassau. Medan landområda i byen Orange vart erobra av Ludvig XIV i 1672, vert Nederland i dag framleis styrt av huset Oranien-Nassau.

Verdsarvstad

Det romerske teateret i Orange og Triumfbuen i Orange vart i 1981 oppført på UNESCO si verdsarvliste.

Kjelder Kommunedata frå INSEE

Denne artikkelen bygger på «Orange (Vaucluse)» frå , den 10. februar 2018. Bakgrunnsstoff

Kategori:Verdsarv i Frankrike Kategori:Kommunar i Vaucluse