«Earth Angel» (stundom kalla «Earth Angel (Will You Be Mine)») er ein song av den USA-amerikanske doo-wop-gruppa The Penguins. Han vart produsert av Dootsie Williams og gjeven ut som debutsingelen deira i oktober 1954 på Dootone Records. The Penguins hadde oppstått året før og spelt inn songen som ein demo i ein garasje i sørlege Los Angeles. Opphavet til songen var omstridd og kjem frå fleire kjelder, mellom anna songar av Jesse Belvin, Patti Page og The Hollywood Flames. Usemje om forfattarskapen førte til ein bitter rettsstrid med Williams i åra etter singelen kom ut.

Sjølv om songen vart overdubba med fleire instrument, vart den originale demoversjonen ein uventa hit, og gjorde det kjapt betre enn A-sida av singelen. Songen byrja å gjere det bra i Sør-California, og spreidde seg ut over heile landet i løpet av vinteren 1954-1955. «Earth Angel» vart den første utgjevinga frå eit sjølvstendig selskap som gjekk inn på den nasjonale poplista til Billboard, der han nådde topp 10. Han var ein stor hit på R&B-lista og låg på toppen av denne lista i fleire veker. Ein coverversjon av ei kvit vokalgruppe, The Crew-Cuts, klatra enno høgare på poplista, til ein tredjeplass. Fleire coverversjonar følgde, mellom andre av Gloria Mann, Tiny Tim, Johnny Tillotson og Elvis Presley.

Songen vart den einaste hitten til The Penguins, og selde etter kvart over 10 millionar eksemplar. Den originale innspelinga selde godt gjennom heile 1950-åra, og vert no rekna som ein av dei mest kjende doo-wop-songane. I 2005 var songen ein av 50 innspelingar som vart vald ut av Library of Congress for National Recording Registry, eit nasjonalt platearkiv, som gjeld innspelingar som er «kulturelt, historisk eller estetisk viktige».

Andre versjonar «Earth Angel» har blitt mykje spelt av andre artistar, og mange av dei kom like etter songen vart ein suksess, mellom andre fleire kvite artistar som Gloria Mann, Pat O'Day og Les Baxter.Birnbaum, Larry (2013). Before Elvis: The Prehistory of Rock 'n' Roll. New York: Scarecrow Press, pp. 316–18. First edition, 2013. Elvis Presley spelte inn ein uformell versjon av songen medan han var i militæret i Tyskland. «The Flying Saucer» (1956) vert ofte rekna som den første mashup-songenPlasketes, George (2010). Play it Again: Cover Songs in Popular Music. Aldershot: Ashgate Publishing, p. 210. First edition, 2010. og sampla songen utan løyve. Andre versjonar er blitt spelt inn av Johnny Tillotson, The Cleftones, The Vogues, New Edition, The Temptations, Joan Baez, Bella Morte og Johnny Preston.

Ettermæle Sjølv om The Penguins alrdi fekk ein annan suksess, har denne songen blitt mykje hylla. Rolling Stone plasserte songen på 152. plassen på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene, og kalla han «ei særs viktig innspeling i den tidlege utviklinga av rock and roll. Den naturlege, uanstrengde vokalen til The Penguins, fire svarte skuleelevar frå L.A., definerte gatehjørneelegansen i doo-wop».

Salslister

Vekeslister Liste (1954–55) Plassering US Honor Roll of Hits (Billboard)5 The Penguins-versjonen Liste (1954–55) Plassering US Best Sellers in Stores (Billboard) 8 US Best Sellers in Stores (R&B) (Billboard)1 US Most Played in Jukeboxes (R&B) (Billboard)1 US Most Played by Jockeys (R&B) (Billboard)1

Liste (1959) Plassering US Bubbling Under the Hot 100 (Billboard)6 The Crew-Cuts Liste (1955) Plasseringscope="row" US Best Sellers in Stores (Billboard)8 US Most Played in Jukeboxes (Billboard)8 US Most Played by Jockeys (Billboard)3

Gloria Mann-versjonen Liste (1955) Plassering US Best Sellers in Stores (Billboard)24 US Most Played in Jukeboxes (Billboard)19 Johnny Tillotson-versjonen Liste (1960) Plassering US Hot 100 (Billboard)57 The Vogues-versjonen Liste (1969) Plassering US Hot 100 (Billboard)42 New Edition-versjonen Liste (1986) Plassering US Hot 100 (Billboard)21

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Earth Angel» frå , den 13. februar 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1954 Kategori:Singlar frå 1955 Kategori:Singlar frå 1956 Kategori:Singlar frå 1959 Kategori:Singlar frå 1960 Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:The Crew-Cuts-songar Kategori:Bobby Vinton-songar Kategori:The Vogues-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:New Edition-songar Kategori:Aaron Neville-songar Kategori:Death Cab for Cutie-songar Kategori:Johnny Preston-songar Kategori:The Fleetwoods-songar Kategori:Tiny Tim-songar Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista Kategori:United States National Recording Registry-innspelingar 154 Kategori:Doo-wop-songar Kategori:Les Baxter-songar Kategori:Bobby Vee-songar Kategori:The Four Seasons-songar Kategori:Sha Na Na-songar Kategori:Freddy Fender-songar Kategori:Neil Sedaka-songar Kategori:Dr. Hook and The Medicine Show-songar