Owlboy er eit plattform-eventyrspel utvikla og utgjeve av den uavhengige norske spelutviklaren D-Pad Studio. Spelet har hatt ein særs lang utviklingsfase, frå utviklinga byrja i 2007, til spelet vart utgjeve til Microsoft Windows i november 2016. Januar 2017 kom Owlboy ut til Linux og macOS, i februar 2018 til Nintendo Switch og i april 2018 til PlayStation 4 og Xbox One.
Owlboy går føre seg i eit land i himmelen. Spelaren styrer ein gut som heiter Otus, som er ein medlem av ein hybridrase av ugle-menneske. Når landsbyen til Otus er åteken av piratar, drar han ut på ei reise for å redde heimstaden frå dei.
Otus kan flyge og bere og kaste objekt medan han er i lufta. Etter kvart som handlinga i spelet skrir fram, møter Otus allierte som følgjer han gjennom reisa. Dei allierte har kvar sine eigne våpen med ulike eigenskapar. Owlboy har fått særs gode kritikkar etter at det vart utgjeve.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Dataspel frå 2016 Kategori:Eventyrspel Kategori:Linux-spel Kategori:Macintosh-spel Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:Plattformspel Kategori:PlayStation 4-spel Kategori:Windows-spel Kategori:Xbox One-spel Kategori:Metroidvania-spel Kategori:Norske dataspel