Kvitsøy kyrkje står på Kvitsøy i Kvitsøy kommune i Rogaland, og er ei tømra langkyrkje frå kring 1620.
Innvendig er tømmerveggane midtskips rosemåla. Døypefonten er i kleberstein og er frå kring 1100. Han stod truleg tidlegare i St. Clemenskyrkja på Krossøy. St. Clemenskyrkja var soknekyrkje for Kvitsøy fram til Kvitsøy kyrkje vart bygd. Det er berre tuftene att av kyrkja på Krossøy, men lenger sør på øya står framleis den nær fire meter høge steinkrossen som øya har namn etter.
Kvitsøy kyrkje er freda.
Kjelder Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Kvitsøy kirke», s. 436
Referansar
Bakgrunnsstoff Om Kvitsøy sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Om kyrkja på nettsidene til Kvitsøy kommune Eldre fotografi av Kvitsøy kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket «Kirkebøker, Rogaland» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
Kategori:Freda bygg i Rogaland Kategori:Kyrkjer i Kvitsøy Kategori:Kyrkjer i Tungenes prosti Kategori:Langkyrkjer i Stavanger bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1620-åra Kategori:Trekyrkjer i Rogaland Kategori:Kulturminne i Kvitsøy Kategori:Rosemåla kyrkjer