«Young Blood» er ein song skriven av Doc Pomus i lag med låtskrivarduoen Jerry Leiber og Mike Stoller. Songen vart ein hit for The Coasters i 1957.

The Coasters-versjonen «Young Blood» vart opphavleg spelt inn av The Coasters og gjeven ut på singel med B-sida «Searchin'» i mars 1957 av Atco Records (#6087). Songen gjekk til topps på Billboard's R&B-lista og åttandeplassen på Billboard Hot 100.

The Coasters-verjonen er rangert på 421. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene..

Songen var med i musikalen Smokey Joe's Cafe.

The Beatles-versjonen

The Beatles spelte «Young Blood» på konsertane sine på Cavern Club. Det var ein av tolv songar dei spelte inn på eit lydband i juli 1962, som vart kjøpt attende av Paul McCartney på ein auksjon på Sotheby's i 1985.

Ein versjon spelt inn for BBC den 11. juni 1963 kom ut på albumet Live at the BBC, som kom i 1994. George Harrison song solovokal på innspelinga.

Medverkande George Harrison – førstevokal, sologitar John Lennon – korvokal, rytmegitar Paul McCartney – korvokal, bassgitar Ringo Starr – trommer Frå The Beatles Bible

Andre versjonar

Songen er blitt spelt av mange andre artistar Ein konsertversjon av Leon Russell på Concert for Bangla Desh i 1971, der han fekk med seg fleire kjende musikarar, som George Harrison, Eric Clapton og Ringo Starr. I 1976 gav Bad Company ut ein verjon som nådde topp 20 på singellista i USA. Ein versjon i 1983 av Beach Boys-gitaristen Carl Wilson var tittelsporet til Youngblood (det andre soloalbumet hans). Bruce Willis song ein versjon av songen på albumet The Return of Bruno (1987). The Grateful Dead spelte stundom songen på lydsjekkane sine. «Young Blood» vart framført av Flash Cadillac and the Continental Kids (som «Johnny Fish and the Fins») i sesong to av Happy Days. Songen var med på eit album av Jerry Lee Lewis frå 1995 med same namn. The Band spelte songen for eit hyllestalbum til Doc Pomus i 1995, Till The Night Is Gone - A Tribute To Doc Pomus. Songen kom seinare ut på albumet deira High on the Hog.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Young Blood (The Coasters song)» frå , den 16. februar 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar skrivne av Jerry Leiber og Mike Stoller Kategori:Songar med tekst av Doc Pomus Kategori:Singlar frå 1957 Kategori:The Coasters-songar Kategori:The Beatles-songar Kategori:Leon Russell-songar Kategori:Bad Company-songar Kategori:Carl Wilson-songar Kategori:Jerry Lee Lewis-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista Kategori:Swan Song Records-singlar Kategori:Songar frå 1957 Kategori:Atco Records-singlar Kategori:The Band-songar Kategori:Joan Baez-songar Kategori:The Righteous Brothers-songar Kategori:Bruce Willis-songar 421