«The Things That I Used to Do» er ein 12-taktsblues-song skriven av Guitar Slim. Innspelinga hans av songen vart gjort i New Orleans og var arrangert og produsert av ein ung Ray Charles. Songen kom ut på Specialty Records i 1953 og vart ein bestseljar året etter. Det var ein av dei største hittane i historia til selskapet og låg inne på rhythm and blues-lista i 42 veker. Songen låg på toppen av lista i seks veker og var den bestseljande R&B-songen det året, og selde meir enn éin million eksemplar.

Sidan Guitar Slim var ein bluesartist, meinte Art Rupe frå Specialty Records, at han berre ville appellere til publikum på landsbygda i Sørstatane, men urbane R&B-stasjonar i nord plukka opp songen, og var medverkande til at han vart ein nasjonal hit. Som følgje av dette vart Guitar Slim ein mykje etterspurt artist og spelte på Apollo Theater.

Komposisjon og innspeling Arrangementet og pianoakkompagnementet til Charles la vekt på dei religiøse tonane av intens, men filosofisk anger i røysta til songaren, noko som gav songen ei gospelaktig kjensle. Som Fats Domino hadde Guitar Slim ei røyst som høyrdest eldre ut enn dei typiske blues-skrikarane på den tida, og teksten var mindre seksuell.

Det måtte fleire forsøk til for å få opptaket til å sitje. Jones stoppa ofte midt i songen av forskjellige årsaker, og dei måtte byrje frå toppen att. Under uttoninga av songen kan høyre Charles rope «yeah!» då han skjønar at dei endeleg klarte å spele gjennom heile songen.

Ettermæle Songen vart ein enorm suksess og hadde stor innverknad på rock and roll med å vise svarte artistar kunne appellere til kvite lyttarar og gospelkjensle var eit effektivt verkemiddel. Han har blitt ein standard som følgje av den særeigne gitarspelinga og den stigande og fallande melodien til Guitar Slim. Songen hadde stor innverknad på «den elektrike lyden» i rocken og den elektriske gitaren hadde forvrengde overtonar eit heilt tiår før Jimi Hendrix. Songen er oppført på lista til Rock and Roll Hall of Fame som ein av 500 songar som forma rock and roll. Songen medverka òg til utviklinga av soul.

Songen er sidan blitt spelt av mange andre artistar:

Albert Collins Ike & Tina Turner Stevie Ray Vaughan Junior Parker Muddy Waters Lightnin' Slim Jimi Hendrix Freddie King Chuck Berry Big Joe Turner, 1977 Elvin Bishop and the Grateful Dead, berre på konsert, 1969 G. Love and Special Sauce, 1994 Buddy Guy Luther Allison John Mayer Dan Auerbach, med pre–Black Keys-bandet, The Barnburners Richie Havens James Brown, som i 1964 gjekk inn på 99. plassen på Billboard pop-lista med songenWhite, Cliff (1991). «Discography». In Star Time CD booklet. pp. 54–59). New York: PolyGram Records. Sanchez

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Things That I Used to Do» frå , den 18. februar 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1953 Kategori:Singlar frå 1953 Kategori:Singlar frå 1954 Kategori:Singlar frå 1963 Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista Kategori:Bluessongar Kategori:Specialty Records-singlar Kategori:Junior Parker-songar Kategori:James Brown-songar Kategori:Chuck Berry-songar Kategori:Ike & Tina Turner-songar Kategori:Buddy Guy-songar Kategori:Albert Collins-songar Kategori:Little Milton-songar Kategori:Ike Turner-songar Kategori:Muddy Waters-songar Kategori:Jimi Hendrix-songar Kategori:Stevie Ray Vaughn-songar Kategori:Richie Havens-songar