mini|Yvonne van Gennip og Leo Visser i 1988 Yvonne Maria Therèse van Gennip () er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Haarlem som vann tre gullmedaljar under Vinter-OL 1988 i Calgary.
Aktiv Gennip deltok i dei olympiske vinterleikane 1984 i Sarajevo, der ho som best kom på femteplassen på 3 000 meter. Året etter vart ho nummer to i europameisterskapen i Groningen og fire ved firkamp-VM i Sarajevo, to plasseringar ho gjentok heilt nøyaktig i 1986-sesongen. Vinteren 1987 enda på andreplassen i EM for tredje året på rad, medan ho sikra seg bronseplassen då Skeise-VM 1987 fann stad i West Allis i USA.
OL-sesongen 1988 tok Gennip i januar ein ny bronse, i det høvet ved europameisterskapen på Kongsberg. Under vinterleikane 1988 i Calgary i februar overraska ho storleg. Etter å ha forbetra verdsrekorden på 3000 meter med nesten fem sekundar til 4.11,9, lukkast ho knipe OL-gullet framfor storfavoritten Andrea Ehrig-Mitscherlich som fekk notert 4.12,0. Fire dagar seinare slo ho storfavoritt Karin Enke med to tidels sekund på 1500 meter og tok eit nytt sensasjonelt OL-gull. Mindre overraskande var det at ho på 5 000 m dagen etter vann gullmedalje nummer tre på tida 7.14,1, sju sekundar under sin eigen gamle verdsrekord. Med sine tre gullmedaljar vart Gennip leikanes mestvinnande deltakar, saman med den finske skihopparen Matti Nykänen.
Sidan vart Gennip nummer tre i Skeise-VM 1989 og i EM 1991 i Sarajevo. I sin siste sesong, OL-sesongen 1992, enda ho på fjerdeplassen ved europameisterskapen i Heerenveen og på sjettplassen på 3000 meter under vinter-OL i Albertville.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yvonne van Gennip» frå , den 18. februar 2018.
Kategori:Nederlandske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Nederland Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1992