Gerald Goffin () var ein USA-amerikansk tekstforfattar. I lag med kona si Carole King skreiv han mange internasjonale pophittar tidleg og midt på 1960-talet, som «Will You Love Me Tomorrow», «Take Good Care of My Baby», «The Loco-Motion» og «Go Away Little Girl». Det vart seinare sagt at Goffin hadde ei gåve med å «finne ord som uttrykte det så mange unge folk kjende, men ikkje klarte å setje ord på.»«Gerry Goffin – obituary», The Telegraph, 20 June 2014. Henta 24. februar 2018
Etter han og King vart skilde, skreiv Goffin med andre komponistar, som Barry Goldberg og Michael Masser, og med dei skreiv han mellom anna «Theme from Mahogany (Do You Know Where You're Going To)» og «Saving All My Love for You». I løpet av karrieren sin skreiv Goffin over 114 hittar som gjekk inn på Billboard Hot 100, mellom anna åtte som nådde toppen av lista og 72 songar som gjekk inn på UK Singles Chart. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1990 i lag med Carole King.
Diskografi
Singlar og EP-ar It's Not The Spotlight (1973), Adelphi Records Inc – AD-452 Back Room Blood (The CD Single) (1996), Genes Records – GCD 4532
Album It Ain't Exactly Entertainment (1973), Adelphi Records Inc – AD4102 Back Room Blood (1996), Genes Records – GCD 4132 It Ain't Exactly Entertainment Demo & Other Sessions (2010) Big Pink – BIG PINK 92
Sjå òg Songar med tekst av Gerry Goffin
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gerry Goffin» frå , den 24. februar 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
History of Rock
Kategori:Folk frå Brooklyn Kategori:USA-amerikanske tekstforfattarar Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:Songwriters Hall of Fame