Psilorítis (gresk Ψηλορείτης) eller Ídi (gresk Ίδη), òg kalla Ida, Idha, Idhi, Idi eller Iti, er med 2 456 meter det høgaste fjellet på Kreta i Hellas. I tillegg er fjellet det høgaste i Hellas ut frå primærfaktor. Fjelltoppen ligg i fjellområdet Ida eller Idi, i periferieininga Réthymno. Det ligg berre 35 kilometer frå Knossos og vart i oldtida brukt for å vinne ut gull, kopar og jarn. Både Afrodite og Zevs vart dyrka her. I følgje ei legende fekk Zevs mat og husly her då han framleis var eit spedbarn.

Ida er fire meter høgare enn Pákhnes, som er eit fjell i Levká Óri.

Sjå òg Idafjellet Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ida Psiloritis» frå , den 23. april 2006.

Kategori:Kreta Kategori:Periferieininga Réthymno Kategori:Fjell i Hellas Kategori:Stader i gresk mytologi