Robert Lenard «Bob» Bogle () var eit opphavleg medlem i instrumentalgruppa The Ventures. Han og Don Wilson skipa gruppa i 1959. Bogle var først sologitarist og seinare bassist i gruppa. I 2008 vart Bogle og dei andre medlemmane i The Ventures innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.
Bogle var fødd nær Wagoner i Oklahoma og arbeidde som murar i California frå han var 15 år gammal. Han lærte seg å spele gitar på eiga hand og møtte Don Wilson i Seattle i 1958, dder dei arbeidde i lag på anleggsplassar. Dei skipa bandet The Versatones i lag, og dette utvikla seg til å bli The Ventures. Sologitaren til Bogle på The Ventures sin versjon av «Walk, Don't Run» i 1960, var med å forme den neste generasjonen gitaristar, som John Fogerty, Steve Miller, Joe Walsh og Stevie Ray Vaughan.
Bogle døydde 75 år gammal den 14. juni 2009 av blodkreft i Vancouver i Washington.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bob Bogle» frå , den 27. februar 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Folk frå Wagoner i Oklahoma Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:Døde av kreft Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:The Ventures-medlemmar