Engelskspråkleg litteratur er litteratur skriven på engelsk i ei rekkje land over heile verda, hovudsakleg tidlegare britiske koloniar.
Engelskspråkleg litteratur er utbreidd i følgjande område:
Dei britiske øyane med engelsk, skotsk, walisisk og irsk litteratur Nord-Amerika med kanadisk, karibisk og USA-amerikansk litteratur Afrika i ei rekkje land med engelsktalanade grupper, som ghanesisk, kenyansk, nigeriansk og sørafrikansk litteratur. Asia med indisk og pakistansk litteratur Oseania med australsk og newzealandsk litteratur
I tillegg til eit felles språk, har den engelskspråklege litteraturen også ein felles bakgrunn som forfattarar kan gå tilbake til, som Shakespeare eller den kjende King James-omsetjinga av Bibelen.
Prisar og utmerkingar Den viktigaste prisen for engelskspråkleg litteratur er Bookerprisen, ein pris som blir gjeven kvart år til ein engelskspråkleg roman som er blitt gjeven ut i Storbritannia. Fram til 2014 var han berre open for forfatarar frå Det britiske samveldet, deretter blei han opna for alle engelskspråklege forfattar.
Nobelprisen i litteratur er blitt gjeven til ei rekkje engelskspråklege forfattarar frå fleire ulike land:
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Englischsprachige Literatur» frå , og «Engelskspråkleg litteratur» frå den 28. februar 2018.
Kategori:Litteratur etter språk