Walk, Don't Run, Vol. 2 er det 16. studioalbumet til The Ventures, gjeven ut i august 1964. Det inneheld «Walk Don't Run '64,» ei nyinnspeling av Johnny Smith, som kom ut på singel. Singelen gjekk på ny inn på Topp 10-lista i USA, og det var første gonge dette hadde skjedd på Billboard-lista for same artist med same song ved to heilt forskjellige høve. Albumet inneheld òg ei utgåve av bluesklassikaren «The House of the Rising Sun» og «Rap City», som var The Ventures sitt arrangement av Brahms sin Ungarsk dans nr. 5.
Bakgrunn
Det originale plateomslaget til Walk, Don't Run frå 1960 hadde bilete av tilsette frå Liberty Records (sidan The Ventures var på turné på den tida) som falt over instrumenta bak ein modell.Walk Don't Run - The Story of The Ventures, 2nd ed. 2009, by Del Halterman (US), Lulu Press. For det nye albumet var dei faktiske bandmedlemmane no avbilda på golvet i meir avslappa positur. Modellen føre dei er Nancy Bacon, som var kona til gitaristen Don Wilson på den tida.
Det nye Walk, Don't Run, Vol. 2 vart ein ny hit for The Ventures og nådde 17. plassen på Billboard-lista og 18. plassen på Cashbox-lista.
Innhald
Medverkande Ventures Bob Bogle – bass Don Wilson – gitar Nokie Edwards – gitar Mel Taylor – trommer
Teknisk Dick Glasser – producer «Lanky» Linstrot – lydteknikar Eddie Brackett – lydteknikar Jim Lockert – lydteknikar Henry Lewy – lydteknikar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Walk, Don't Run, Vol. 2» frå , den 1. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1964 Kategori:The Ventures-album Kategori:Dolton Records-album Kategori:Instrumentalalbum