Andrew White () var ein skotsk trommeslagar, hovudsakleg som studiomusikar. Han vart stundom kalla «den femte Beatles» og er mest kjend for å ha erstatta Ringo Starr på trommer på debutsingelen til The Beatles, «Love Me Do». White var med på den amerikanske singelutgåva av songen, som òg kom ut på det britiske debutalbumet deira, Please Please Me. Han spelte òg på «P.S. I Love You», som var B-sida til «Love Me Do».

White spelte med andre kjende musikarar og grupper i både Storbritannia og USA, som Chuck Berry, Billy Fury, Herman's Hermits og Tom Jones. AllMusic kalla White «ein av dei travlaste trommeslagarane i England frå slutten av 50-åra til midten av 70-åra».

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Andy White (drummer)» frå , den 10. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Skotske rocketrommeslagarar Kategori:Skotske studiomusikarar Kategori:Skotske trommeslagarar Kategori:Folk frå Glasgow