«I'll Cry Instead» er ein song skriven av John Lennon og godskriven Lennon–McCartney. Han vart spelt inn av The Beatles for filmmusikkalbumet til filmen A Hard Day's Night.
Bakgrunn
Lennon skreiv songen for «utbrytar»-sekvensen i filmen. Songen vart spelt inn 1. juni 1964 i to delar, A og B, som så kunne setjast saman seinare for å få den rette lengda dei trong for filmen. Men regissøren Richard Lester valde seinare den meir livlege «Can't Buy Me Love». Då Walter Shenson gav ut filmen på ny i 1981, nytta han «I'll Cry Instead» i opninga som ei hyllest til Lennon.
Struktur
«I'll Cry Instead» vart av Cynthia Lennon skildra som eit rop om hjelp, og sa «Han syner frustrasjonen som John Lennon kjende på den tida. Han var eit idol for millionar av folk, men fridomen og moroa frå dei tidlege dagane var borte.» John Lennon sa seinare at linja «A chip on my shoulder that's bigger than my feet» var ei nøyaktig skildring av korleis han kjende det på den tida.
«I'll Cry Instead» er ein countrysong, ein sjanger The Beatles, og særskild Ringo Starr, likte å spele.
Medverkande John Lennon – vokal, akustisk rytmegitar Paul McCartney – bass George Harrison – sologitar Ringo Starr – trommer, tamburin Personell per Ian MacDonald
Utgjevingar Den fulle versjonen (2:09) kom ut på filmusikkalbumet A Hard Day's Night. Denne same versjonen kom òg ut på singel i USA og monoversjonen kom ut på Capitol-albumet Something New. Denne versjonen kom òg ut på The Capitol Albums, Volume 1.
Ei kortare utgåve (1:49, utan det tredje verset) kom ut i Storbritannia på Parlophone si utgåve av A Hard Day's Night, ein britisk EP kalla Extracts from the Album A Hard Day's Night og på Capitol si stereoutgåve av Something New.
«I'll Cry Instead» nådde 25. plassen på Billboard Hot 100, og låg sju veker inne på lista.
Andre versjonar Joe Cocker spelte denne songen i 1964. Det var debutsingelen hans. Johnny Rivers spelte denne songen i 1965, på albumet Meanwhile Back at the Whisky à Go Go. Billy Joel gjorde eit konsertopptak, gjeven ut som B-side til «An Innocent Man» i 1983. I 1966 gav Chet Atkins ut ein instrumental versjon på albumet Chet Atkins Picks on the Beatles. Rhett Miller spelte denne songen i 2011 for albumet The Interpreter (Live at Largo). Lee Rocker spelte denne songen på Hot n' Greasy, Vol. 1 (2012).
Salslister Liste (1964)PlasseringUS Cash Box Top 10022
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «I'll Cry Instead» frå , den 11. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Chet Atkins-songar Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Joe Cocker-songar Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Johnny Rivers-songar Kategori:Songar om gråting