«You've Got to Hide Your Love Away» er ein song av det engelske rockebandet The Beatles. Han vart skriven og sungen av John Lennon (tilskriven Lennon–McCartney) og gjeven ut på albumet Help! i august 1965.

Komposisjon og innspeling Lennon sa om songen, «Det er meg i Dylan-perioden min igjen. Eg er som ein kameleon, inspirert av kva som helst som føregår. Om Elvis kan, så kan eg òg. Om The Everly Brothers kan det, så kan meg og Paul òg. Same med Dylan.» Songen er eit tidleg døme på ein sjølvreflekterande Lennon, som hadde byrjar med songar som «I'm a Loser» sommaren 1964. Lennon skreiv songen heime under det han kalla «Dylan-perioden», og ønskte ein song til for filmen Help!.Everett, Walter (2001). The Beatles as Musikars: The Quarry Men Through Rubber Soul. pp. 287-88. Denne songen «er berre John som gjer Dylan», sa Paul McCartney.

Det grunnleggande rytmesporet vart spelt inn først, etterfølgd av gitaren til George Harrison og noko ekstra perkusjon. John Scott spelte tenorfløyte somme stader, og i tillegg ei altfløyte.

Medverkande John Lennon – vokal, 12-strengs akustisk gitar Paul McCartney – bass George Harrison – klassisk akustisk gitar Ringo Starr – skarptromme med visp, tamburin, maracas John Scott – tenor- og altfløyte

Andre versjonar Eddie Vedder i 2001 i filmen I Am Sam, regissert av Jessie Nelson. The Beach Boys spelte inn songen i 1965 på albumet deira Beach Boys' Party! med vokal av trommeslagaren deira Dennis Wilson. Beach Boys' Party! nådde sjetteplassen på Billboard 200 i USA og tredjeplassen på albumlista i Storbritannia. Jan & Dean på albumet deira Filet of Soul frå 1966. Den franske songaren Eddie Mitchell spelte inn ein fransk versjon av songen kalla «Tu ferais mieux de l'oublier».https://www.allmusic.com/song/eddy-mitchell-tu-ferais-mieux-de-loublier-youve-got-to-hide-your-l-mt0019167291 The Silkie, eit band som hadde Brian Epstein som manager, spelte inn sin versjon berre nokre få månader etter The Beatles. Lennon produserte innspelinga, medan McCartney spelte gitar og Harrison tamburin. Versjonen deira nådde tiandeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100 og 28. plassen på UK Singles Chart. Enuff Z'nuff på den japanske utgåva av 1985. Oasis som bonusspor på luksusutgåva av albumet (What's the Story) Morning Glory? frå 2014. The Kentucky Headhunters spelte inn songen i 1994 på albumet deira The Best of The Kentucky Headhunters: Still Pickin' Waylon Jennings and the Waylors spelte inn songen i 1967 på albumet deira Love of the Common People Glee i 2013 på albumet deira Glee Sings the Beatles. Joe Cocker spelte inn songen for albumet sitt Night Calls. Percy Faith and his orchestra spelte songen i 1965 på albumet Themes for the 'It' Crowd. Elvis Costello spelte inn songen som B-sida til singelen «You Tripped at Every Step.» The Pozo-Seco Singers spelte songen i 1968 på albumet deira Shades of Time. The Grass Roots spelte songen i 1966 på albumet deira Where Were You When I Needed You.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «You’ve Got to Hide Your Love Away» frå , den 11. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Popballadar Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:The Beach Boys-songar Kategori:Fontana Records-singlar Kategori:Jan & Dean-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Oasis-songar Kategori:Joe Cocker-songar Kategori:Waylon Jennings-songar Kategori:Elvis Costello-songar Kategori:Percy Faith-songar Kategori:Barry McGuire-songar Kategori:The Beau Brummels-songar Kategori:Pearl Jam-songar Kategori:Jackson Browne-songar Kategori:Greg Lake-songar Kategori:Todd Rundgren-songar