mini|Logoen til FFI Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) er ein statleg forskingsinstitusjon underlagd Forsvarsdepartementet med ansvar for forsking og utvikling for behova til Forsvaret og forstå sårbarheita og utfordringane samfunnet står eller kan stå overfor. FFI er eit tverrfagleg institutt, og har melom anna tilsette med fagbakgrunn innan matematikk, fysikk, informasjonsteknologi, kjemi, biologi, medisin, psykologi, statsvitskap, sosialantropologi, historie og økonomi.
FFI sitt hovudkontor ligg på Kjeller ved Lillestrøm, omtrent 25 km utanfor Oslo. Instituttet har også ei forskingseining på Karljohansvern i Horten.
Historie FFI har røter i Forsvarets Overkommandos Tekniske Utvalg (FOTU) i London, som i 1944 føreslo at det skulle etablerast eit eige militært forskingsinstitutt underlagt Forsvarsdepartementet.
Direktørar ved Forsvarets forskingsinstitutt Fredrik Møller (1946–1957) Finn Lied (1957–1983) Erik Klippenberg (1983–31. mars 1993) Nils Holme (1. april 1993–30. november 2001) Paul Narum (1. desember 2001–5. mai 2012) John-Mikal Størdal (mai 2012–1. januar 2022) Kenneth Ruud (1. januar 2022–)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Forsvarets forskningsinstitutt» frå , den 15. mars 2018.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 1946 Kategori:Forskingsinstitutt i Noreg