«Dear Prudence» er ein song skriven av John Lennon (men tilskriven Lennon/McCartney) som vart framført og utgjeven 22. november 1968 av The Beatles på dobbeltalbumet deira The Beatles (òg kalla White Album).

Bakgrunn

Då The Beatles og kjende av dei var på meditasjonskurs i Rishikesh i India, vart det laga ein del songar, mellom andre «Dear Prudence». Songen handla om Prudence Anne Villiers Farrow (veslesystera til Mia Farrow). Under opphaldet i Rishikesh var det sjeldan at Prudence kom ut av meditasjonshytta si. Dette varte heile tre veker. Lennon og George Harrison klarte til slutt å overtale henne til å kome ut.Turner, Steve (2009) The Stories Behind the Songs 1967 – 1970 Carlton Books Limited ISBN 978-1-847-32268-5

Innspeling

«Dear Prudence» vart spelt inn 28-30. august 1968 i Trident Studios i London. Ringo Starr hadde forlate gruppa nokre dagar tidlegare på grunn av mistrivsel, men kom attende kort tid seinare. Derfor tok Paul McCartney på seg jobben bak trommesettet. På ei av innspelingsdagane hadde McCartney vitja av fetteren sin John som fekk lov å bidra med kor og handklapping.Lewisohn, Mark (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. ISBN 0-517-57066-1 s. 152

Medverkande Den komplette lista av medverkande:Here, There and Everywhere: the 100 best Beatles songs, Stephen J Spignesi, Michael Lewis, page 252

John Lennon – vokal, korvokal, rytmegitar Paul McCartney – korvokal, trommer, bassgitar, piano, flygelhorn, tamburin, kubjølle, klapping George Harrison – korvokal, rytmegitar, sologitar, klapping Mal Evans – korvokal, klapping Jackie Lomax – korvokal, klapping

Andre versjonar

Det engelske post-punkbandet Siouxsie and the Banshees gav ut ein versjon av songen på singel i 1983, som vart den største britiske hitten deira, ein tredjeplass på UK Singles Chart.The Pop History Dig, Dear Prudence

Sonen til John Lennon, Sean Lennon gav ut ein coverversjon av «Dear Prudence» i Japan i 1991.

Det norske bandet Prudence tok bandnamnet sitt frå denne songen.Hoel, Ole Jacob (2011) Åge – historien om Norges største rocker. Oslo, Gyldendal ISBN 9788205390959 s. 66

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dear Prudence» frå , den 16. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Siouxsie and the Banshees-songar Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Jerry Garcia-songar Kategori:Alanis Morissette-songar Kategori:Grace Potter-songar Kategori:Jaco Pastorius-songar