Leslie Charles «Les» Maguire () er ein engelsk pianist.
Biografi Maguire byrja karrieren sin som tenorsaksofonist i eit popband i Liverpool, The Vegas Five, som seinare endra namn til The Undertakers. Maguire slutta seinare for å bli med i Merseybeat-bandet Gerry and the Pacemakers, då han erstatta den originale pianisten, Arthur MacMahon. Gerry and the Pacemakers fekk etter kort tid stor suksess i Storbritannia og sidan i USA. Maguire vart verande med gruppa til ho vart oppløyst i slutten av 1960-åra. Han fronta ei kort periode Mississippi blues-bandet Hog Owl i 1970 og har sidan den gong stundom spelt med The Pacemakers for enkelte framføringar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Les Maguire» frå , den 18. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Folk frå Wallasey Kategori:Musikarar frå Liverpool Kategori:Engelske pianistar Kategori:Engelske saksofonistar