«Ferry Cross the Mersey» (stundom skrive Ferry 'Cross the Mersey) er ein song skriven av Gerry Marsden. Han vart først spelt inn av bandet hans Gerry and the Pacemakers og gjeven ut seint i 1964 i Storbritannia og i 1965 i USA. Det vart ein hit på begge sider av Atlanteren og nådde sjetteplassen i på singellista i USA og åttandeplassen i Storbritannia. Songen er frå filmen med same namn og kom ut på filmmusikkalbumet. I midten av 1990-åra vart òg ein musikal kalla Ferry Cross the Mersey som omhandlar Merseybeat-tida.
Tittelen syner til River Mersey, elv nordvest i England som flyt ut i Irskesjøen ved Liverpool.
Salslister Liste (1965)PlasseringUK Singles Chart8US Billboard Hot 1006
Veldedig singel for The Hillsborough Disaster Fund I mai 1989 vart det spelt inn ein versjon av «Ferry Cross the Mersey» og utgjeven til støtte for dei råka av Hillsborough-katastrofe, der 96 fotballfans mista livet månaden før. Songen vart spelt inn av Liverpoo-artistane The Christians, Holly Johnson, Paul McCartney, Gerry Marsden og Stock Aitken Waterman. Singelen låg tre veker på toppen av den britiske singellista og den irske singellista i to veker.
Salslister Liste (1989)PlasseringUK Singles Chart1Australian ARIA Singles Chart45Den austerrikske singellista15Nederlandske GfK-lista21Nederlandsk Topp 4020Den tyske singellista5Irish Singles Chart1Norske VG-lista4Den sveitsiske singellista11
Andre versjonar Frankie Goes to Hollywood spelte inn ein versjon av «Ferry Cross the Mersey» for B-sida til 12"-singelen «Relax», i oktober 1983. Denne kom så ut på albumet deira Welcome to the Pleasuredome (1984). I 1983 gav den norske gruppa Vazelina Bilopphøggers inn ein versjon av «Ferry Cross the Mersey» på norsk, kalla «Ferje over Mjøsa» for albumet På tur. Den kanadske musikaren Burton Cummings (frå The Guess Who) gav ut sin eigen versjon av songen i 1996 på konsertalbumet Up Close and Alone. I 2003 inkluderte Pat Metheny ein versjon av songen på det akustiske albumet One Quiet Night. I 2008 gav det norske bandet Farmers Market ut ein bulgarsk versjon kalla «Lodtschitze mini maritza», for albumet Surfin' USSR.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ferry Cross the Mersey» frå , den 18. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1989 Kategori:Gerry and the Pacemakers-songar Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:The Christians-songar Kategori:Holly Johnson-songar Kategori:Veldedige singlar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar produserte av Stock Aitken Waterman Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland Kategori:Songar om Liverpool Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Laurie Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Gerry Marsden Kategori:Columbia Graphophone Company-singlar Kategori:Pete Waterman Entertainment-singlar Kategori:Pat Metheny-songar Kategori:Frankie Goes to Hollywood-songar Kategori:Howard Carpendale-songar